SE OGSÅ: |
ALT OM: |
- Blant dei seriøse bedriftene trur eg ikkje det er nokon som har tenkt å importere billeg arbeidskraft.
Arne Hagen i Grenland Bygningsarbeiderforening.
Det seier Arne Hagen som er leiar i Grenland Bygningsarbeiderforening.
Fryktar svarte prisar
Frå 1. mai blei det lettare for nye EU borgarar frå Polen og Litauen å få jobb i landet. Så langt er det kome elleve frå Litauen og fire frå Polen til Grendlandsområde for å jobbe.
- Vi fryktar for svarte prisar og svart økonomi i byggebransjen, seier Hagen.
Dagleg leiar av Haukeli Hytter og Hus AS Knut Tore Apeland har ikkje planar om å bruke tømmermenn frå Litauen eller Polen.
- Vi satsar heller på lokal arbeidskraft, og tek ikkje sjansen på å importere snekkarar, seier han.
Apeland seier at det alltid vil vere nokon som satsar på å få jobben billeg og raskt unna.
Opplever stor pågang
Aetat opplever ein stor pågang frå arbeidsgivarar som ønskjer arbeidskraft frå Litauen eller Polen.
- Eg trur ikkje det har vore ein einaste dag utan at nokon har teke kontakt om dette, seier Bjørn Kortner.
Han seier at det er for det meste er bedrifter som tek kontakt, og innrømmer at det ikkje er ukjent at det er dei useriøse bedriftene i Byggebransjen som nyttar seg av billig arbeidskraft.