Fakta
LYD OG VIDEO
Hjelp | Mer lyd og video
ALT OM:
- Mobiltelefon i fjellet
- Kommune: Porsgrunn
- Kommune: Vinje
Ikkje stol på mobilen i påskefjellet.
- Eg meiner turistane stolar for mykje på mobiltelefonen, og ikkje veit at det er mange plassar der det ikkje er mobildekning når dei går på ski i fjellet, seier korpsleiar Frøydis Skogheim i Raudekrossen i Vinje.
Telenor reklamerar nå med at dei har betre GSM-dekning i påskefjellet enn nokonsinne.
Men mobiltelefonen duger ikkje som tryggleiksutstyr på fjelltur. Det understrekar korpsleiar Frøydis Skogheim i Raudekrossen i Vinje.
- Eg vil i allefall oppmode folk til å ikkje stole blindt på mobiltelefonen, og ta i bruk fjellvettreglane. Folk bør ta med seg kart og kompass og melde frå om kor dei går før dei drar på tur i påskefjellet, seier ho.
- Dekninga har aldri vore betre, og Telenor har førebudd seg godt til denne påska, seier dekningsdirektør i Telenor Mobil, Bjørn Amundsen.
Lite dekning på Hardangervidda
Hugs fjellvettsreglane i påskefjellet.
Men då snakkar han om landet generelt. I Telemark er ikkje stoda fullt så god.
- Når det gjeld Telemark, og dei indre fylka er det tynn dekning, innrømmer Amundsen.
- Men kva med Hardangervidda der det er mykje folk på ski no i påska?
- Her er det tynn mobildekning, og dette er eit område som det truleg heller ikkje vil bli full GSM-dekning, seier Amundsen.
Han meiner likevel at folk bør ha med mobiltelfonen på lik line med appelsin og kvikklunsj.