SE OGSÅ: |
ALT OM: |
Han meiner alle som bur i Nome kommune har hatt høve til å uttale seg i saka, og at han har eit stort fleirtal i kommunestyret i ryggen.
- Eg er for denne utbygginga, men eg har heile kommunestyret i ryggen, seier Thorsen.
- Kvifor er det så viktig med denne utbygginga på Munken?
Øya Munken kan bli hytteområde.
- Den er viktig for reiselivssatsinga i Nome. Her har vi ein utbyggar med evne og vilje til å satse. Vi synes dette er interessant med tanke på den vidare reiselivssatsinga i Nome kommune, seier Thorsen.
- Naboane fryktar at dette kan bli startskotet for ei masseutbygging langs Norsjø?
- Eg trur ikkje det. Nome kommune har ei restriktiv haldning til hyttebygging, og vi har heller ikkje mange hytter i kommunen. Men det er klart at vi må vurdere kvart enkelt tilfelle for seg, seier Thorsen.