Ikkje nok pengar til brannsikring

Bamble kommune har nok ein gang fått avslag frå Riksantikvaren på søknad om pengar til brannsikringstiltak i Langesund.

Langesund sentrum
Foto: Thomas Nicolai Blekeli / NRK
Ragnar Luraas
Journalist
Journalist

Kommunen bad denne gang om hundre tusen kroner til varslingsanlegg i bygget på øya som blir kalla St. Helena, like ved Cudrios.

Brannsjef Morten Meen Gallefoss seier at kan vere spreiingsfare ved brann i trehusa i Langesund.

– Vi ser at klima og naturbaserte hendingar endrar seg, kanskje meir intenst enn tidlegare. Og særleg vind vil påverke ein brann, seier Meen Gallefoss.

Morten Meen Gallefoss, brannsjef i Bamble

Morten Meen Gallefoss.

Foto: Stian Wåsjø Simonsen / NRK

Han seier at dersom det blir ein brann med mykje vind i Langesund, så vil det bli utfordringar.

– Det har ikkje vore brann i dei siste åra i Langesund eller på Stathelle, men vi ønskjer å førebygge med best mogleg brannsikringstiltak, seier Meen Gallefoss.

Vil søke på nytt

– Kan de gjere noko med eigne pengar?

– Vi har moderne utstyr og gode samarbeidsavtaler. Og eg meiner vi er eit godt brannkorps, så vi gjer det vi kan.

Men Meen Gallefoss seier det er sentrale styresmakter som løyver pengar til brannsikringstiltak.

– Vi skal gå i bresjen for å få desse pengane hit, seier han.

Riksantikvaren seier at dei åtte millionane som er løyvde ikkje er nok til alle søkarane.

Brannsjef Morten Meen Gallefoss seier at Bamble kjem til å søke på nytt.