NRK Meny
Normal

Må kjempe for å få meir politi

Telemark må kjempe hardt for å få meir politi når regjeringa opprettar 350 nye politistillingar.

Politimeister Rita Kilvær, Telemark Politidistrikt

Politimeister Rita Kilvær vil argumentere for å få fleire politietterforskarar ved Grenland politistasjon.

Foto: Anne Lognvik / NRK

Regjeringa vil sette av 165 millionar kroner i statsbudsjettet til 350 nye politistillingar neste år.

Med denne auken vil politidekninga i Norge gå frå 1,7 polititenestemenn per 1000 innbyggar til 1,8 neste år.

Les også:

Politimeister i Telemark Rita Kilvær er veldig godt nøgd med satsinga på politiet, og ho trur heile Stortinget er einige i den.

Står ikkje først i køen

Politiet i Telemark er inne i budsjettprosessen for neste år, og politimeisteren har fått den første informasjonen frå departementet.

Den fortel at Telemark ikkje står først i køen for å få nye politistillingar.

– Vi ligg ikkje an til å få nokon av desse 350 stillingane i første runde, seier Kilvær.

Av dei 350 nye politistillingane blir 200 fordelt blant politidistrikt som har låg bemanning, og Telemark er ikkje blant dei med lågast bemanning.

– Men det er halde tilbake 150 politistillingar der vi kan konkurrere med gode argument. Og det skal vi argumentere godt for, seier Kilvær.

Les også:

Vil ha fleire etterforskarar

Det er mange stader i Telemark der politimeisteren kunne tenkt seg å plassere ut nye politistillingar.

– Men første prioritet er å auke talet på etterforskarar ved Grenland politistasjon, seier Kilvær.

Årsaka er at etterforskarane har hand om mange fleire straffesaker per tilsett enn i nokon andre av dei andre stadene.

– Her blir sakene liggande lengst. Og her har vi lågast oppklaringsprosent, så der er det behov for å styrke etterforskinga, seier Kilvær.

– Du treng ikkje fleire folk ute i gatene då?

– Jo. Det også. Men for folk som blir ramma av eit innbrot, eller blir utsett for vald eller valdtekt, så er det viktig at vi får løyst straffesaka. Det betyr mykje for den enkelte og for oss i politiet, seier Kilvær.

Les også: