Hopp til innhold

Her er det ikkje ein kvadrat til overs

SKIEN (NRK): Tinghuset i Skien slit med dårleg plass, men i framtida kan det bli enda trongare.

Tinghuset i Skien

Tinghuset i Skien har ikkje meir plass.

Foto: Gry Eirin Skjelbred / NRK

Tinghuset i Skien er fylt til randa med kontor, rettssalar og tilsette. Likevel flyttar Agder jordskifteoverrett inn etter nyttår med tre tilsette. Og fleire kan følge etter.

For på sikt kan også Aust-telemark tingrett og Nedre Telemark jordskifterett bli ein del av tinghuset. Det betyr at rundt 70 personar kan auke til dryge 90.

– Umogleg, meiner ein samla tinghus-administrasjon.

Domstoladministrasjonen i Skien

Domstoladministrasjonen i tinghuset er einig om at noko må gjerast. Frå venstre er Jahn Mydland, sorenskrivar i Nedre Telemark tingrett, Atle B. Monsen, adm.sjef i Nedre Telemark tingrett, Geir Johansen, adm. sjef i Agder lagmannsrett og Dag Bugge Nordén, førstelagmann, Agder lagmannsrett

Foto: Gry Eirin Skjelbred / NRK

For trongt i dag

Førstelagmann Dag Bugge Nordén viser rundt i dagens tinghus. Her held Agder lagmannsrett og Nedre Telemark tingrett til med i underkant av 70 personar.

– Det er allereie trongt, seier Nordén.

Dag Bugge Norèn

Førstelagmann Dag Bugge Nordén i Agder lagmannsrett

Foto: Gry Eirin Skjelbred / NRK

Agder lagmannsrett er landets tredje største og slit allereie med at tilsette sit på forskjellige stader i bygget.

Dei ledige lokala etter Statens forureiningstilsyn (SFT) i bygningen like ved, som har stått tomme i årevis, er lite eigna, meiner Nordén .

– Det er svært upraktisk og å ha kontor så langt frå kvarandre når dommarane må samarbeide om hastesaker, seier Nordén .

Kan bli eit nytt bygg

Og på sikt kjem det tilsette frå Aust-Telemark tingrett på Notodden, tre dommarar og fem saksbehandlarar.

Kommunikasjonsdirektør Erling Moe i Domstoladministrasjonen seier tinghuset i Skien vil bli bygd om for å få plass til dei tre tilsette frå Agder jordskifteoverrett frå nyttår.

Dersom det blir bestemt at også Aust-Telemark tingrett skal flyttast til tinghuset, vil det bli bygt eit heilt nytt bygg.