Hopp til innhold

Ibsens klatretre tatt av vinden

Henrik Ibsen sitt klatretre blei offer for vindens herjingar søndag kveld.

Henrik Ibsens klatretre

Et asketre i hagen på Venstøp der Henrik Ibsen leika som barn blei tatt av vinden søndag.

Foto: Ragnar Lurås / NRK

Jørgen Haave, Telemark Museum

Jørgen Haave ved Telemark Museum trur asketreet blir omtalt i eit brev til Henrik Ibsen frå lillebroren.

Foto: Ragnar Lurås / NRK

I eit brev til storebror Henrik Ibsen frå 1885 skildrar Ole P. Ibsen asketreet i sine minner frå oppveksten på Venstøp i Skien. Asketreet står i hagen til familien Ibsen sitt landsted der Henrik også bodde frå 1835 til 1843.

– Lillebroren til Henrik Ibsen skriv om det store gamle asketreet i hagen der dei leika som barn i brevet, seier Jørgen Haave ved Telemark Museum.

Falt med eit brak

Jeanette Næs sat i stoga på Venstøp då det gamle asketreet måtte gje tapt for vinden i seks, halv sju tida på søndag kveld.

– Eg høyrde eit vanvittig brak, så eg trudde først asketreet hadde falt over huset, seier Næs.

Jeanette Næs

Jeanette Næs høyrde eit kraftig brak då asketreet gjekk i bakken.

Jeanette Næss gjekk ut for å sjå kva som hadde hendt, og då såg ho at asketreet var delt i to, og at mesteparten av treet låg på bakken i hagen.

Råttent inni

Ein del av asketreet står igjen på rota, og det skal Skien kommune felle.

– Asketreet er pill råttent innvendig. Men treet er veldig gamalt, vi får telle årringar etter at vi har felt det. Eg tippar det kan vere 150-200 år gamalt, seier Daniel Bjørntvedt Kåsa, i Skien kommune som skal felle restane av asketreet.

Telemark Museum er ikkje heilt sikre på om dette er akkurat det asketreet lillebroren omtaler i brevet til storebror Henrik Ibsen, men Jørgen Haave trur ialle fall det har stått i hagen den gongen.

– Etter at resten av asketreet er felt må vi gå igang med å finne ut alderen, seier Haave.

(artikkelen fortset under bilete)

Daniel Bjørntvedt Kåsa

Daniel Bjørntvedt Kåsa skal sage ned restane av det gamle asketreet i hagen på Venstøp.

Foto: Ragnar Lurås / NRK

Tusen år gamal eik

Uværet som herja over delar av Sør-Norge dei siste dagane har blåst ned mange tre. Ved Berg Museum i Kragerø blei fleire gamle eiketrær blåst over ende søndag kveld.

Eitt av dei knekte eiketrea er kan vere nærare eitt tusen år gamalt. Det hadde ei rotstamme på 3-4 meter, og var verdsatt som eit kulturminne.

- Dette var veldig synd, eg heldt på å gråte då eg såg det. Her har ungane klatra og leika. Men naturen har sagt sitt, vi skal alle døy ein gong, seier Else Bjørg Finstad i Berg Museums venner.

Det gamle treet

Kristine Bratland ved Berg Museum viser at det er store dimensjonar over det gamle eiketreet.

Foto: Per Ole Halvorsen