SE OGSÅ: |
ALT OM: |
Familien Haugarne i Vinje har fått delvis medhald hos Miljøverndepartementet, og får selje sju hyttetomter på Bykleheia.
Miljøverndepartementet har gjeve løyve til å bygge hytter i omstridt villreinområde.
Haugarne klaga til Miljøverndepartementet etter at Fylkesmannen først sa ja, og deretter nei, til sal av tretten hyttetomter på Bykleheia.
Har fått delvis medhald
No er Elisabeth Haugarne letta over å ha fått delvis medhald.
- I første omgang er eg veldig letta over at vi har fått selje dei sju hyttetomtene, men eg tør ikkje heise flagget enno, seier ho.
Elisabeth Haugarne og mannen Knut har kjempa lenge for tomtesalget, og ekteparet tok opp lån for å bygge nytt fjøs.
Gjelda var sikra i sal av hyttetomter. Men eit halvt år seinare snudde Fylkesmannen tvert.
Seksjonsleiar Odd Frydenlund Sten forklarte det slik.
- Det kom fram ny kunnskap om ein rapport som fortalte at reinen var veldig press i dette området, og at hyttene ville få store konsekvensar for villreinstamma i dette området, seier han.
Søkte om tretten hyttetomter
Men det er altså ikkje Miljøverndepartementet einig i.
Dei meiner at ei mindre utbygging av hytter i den sørvestlege delen av eigedommen ikkje vil vere til skade for villreinen.
For familien Haugarne er dette eit steg i rett lei, men om dei tek til takke med sal av sju hyttetomter er ikkje avgjort.
- Sju er betre enn ingen. Men vi slepp i alle fall å gå konkurs, seier Elisabeth Haugarne.
Ho fortel at kommunen har godkjent ein reguleringsplan for tretten hytter i området. Difor vil ekteparet vurdere i lag med kommunen kva dei skal gjere vidare med saka.