NRK Meny

Hytteeigarar saksøker kommunen

15 hytteeigarar i Holtardalen saksøker Vinje kommune ved ordføraren. Hytteeigarane har betalt tilknytingsavgift for blant anna vatn og avløp til SF-eigedom som har vore hytteutbyggar i området. Dei gjekk konkurs før kommunen fekk tilknytingsavgifta, derfor har kommunen bedt om at hytteeigarane betaler tilknytingsavgifta på nytt.