NRK Meny
Normal

Hus brant på Osebakken i Porsgrunn

Brannvesenet i Porsgrunn og Skien rykka ut til ein husbrann på Osebakken i Porsgrunn i går kveld.

Brann i Vognmannsgate i Porsgrunn

Det brenn i eit hus i Vognmannsgate i Porsgrunn. Porsgrunn og Skien brannkorps er på staden.

Foto: Vika Media, Theo Aasland Valen

Brannen blei meldt av 110-sentral på Twitter klokka 21.40 onsdag kveld. Operasjonsleiar Jan Olaf Jansen seier det var full overtenning i eit bustadhus i Vognmannsgate på Osebakken i Porsgrunn.

– Vi er usikre på det bur folk der nå, men det sjekkar vi, seier Jansen.

Han seier at det ser ut som huset er under oppussing.

Utrykkingsleiar i Porsgrunn brannkorps melder til 110-sentralen at det brenn godt i stua i huset, klokka 21.45.

– Brannvesenet er på plass med røykdykkarar som skal gå inn for å sjekke om det er folk i huset, seier Svein Aasmund Aasen ved 110-sentralen.

Ingen personar inne i huset

Jan Olaf Jansen

Operasjonsleiar Jan Olaf Jansen.

Foto: Philip Hofgaard

Litt etter klokka 22 onsdag kveld kan politiet stadfeste at det ikkje er nokon inne i huset.

– Det skal vere ein som leiger husvære i bustaden, men vedkomande var ikkje til stades i huset, seier Jansen.

Politiet seier det er for tidleg å seie noko om kva som er årsaka til brannen.

– Det ser foreløpig ikkje ut til å vere fare for at brannen skal spreie seg til andre hus i området, seier operasjonsleiar Jansen.

Han seier at politiet har ikkje sett i gang med evakuering av folk frå andre hus i nabolaget.

Laster kart, vennligst vent...