NRK Meny
Normal

Hurtiglading kan bli dyrare enn drivstoff

PORSGRUNN (NRK): Effekten for hurtiglading av elbilar vil etter kvart tredoble seg, noko som gjer at ladetida blir mykje kortare enn no. Det er ikke nødvendigvis berre positivt for forbrukarane.

Hurtiglading av elbil kan bli dyrere enn bensin og diesel.

Nyleg annonserte organisasjonen bak ladestandarden Chademo at dei også planlegg å tredoble effekten på hurtiglading av elbil, slik som konkurrenten Combo/CCS gjer. Det skriv Teknisk Ukeblad som fyrst omtala saka.

Ladestandarden ligg no på 50 kilowatt, men ei tredobling opp til 150 kilowatt er ambisjonen. I framtida ønsker ein også å komme heilt opp i 350 kilowatt.

Med ei tredobling av effekten vil også prisen stige.

– For ein halvtime kostar det 75 kroner å lade bilen no. Eg hadde gladeleg betalt litt meir for å få ladetida ned i for eksempel 10 minutt, seier Thomas Odd Berge.

Står det ein bil her når eg kjem, og han akkurat har starta å lade, så blir eg fort ståande ein time, seier Berge.

Han har køyrd elbil i litt over eitt år no, og er nøgd med det. I dag er han på veg heim til Kristiansand frå Torp flyplass. Det er på slike lange turar han må ta i bruk hurtiglading til bilen sin.

– No tek det omkring ein halvtime å lade opp ved hjelp av hurtiglading, noko som er greitt nok, men eg hadde absolutt blitt glad viss ein kunne korta ned denne tida, seier Berge.

Folk tek heller dieselbilen på langtur viss dei kan spare nokre hundrelappar.

Jan Haugen Ihle - Leiar i Fortum Charge & Drive
Thomas Berge

NØGD: Thomas Odd Berge angrar ikkje på at han skaffa seg elbil, men skulle gjerne sjå at det gjekk fortare å hurtiglade.

Foto: Martin Telemark / NRK

– Kan bli dyrare enn drivstoff

Leiar i Fortum Charge & Drive, Jan Haugen Ihle, fryktar at ikkje alle er like villige til å betale prisen for kortare ladetid.

Jan Haugen Ihle

SKEPTISK: Leiar i Fortum Charge & Drive, Jan Haugen Ihle, trur auka effekt på hurtiglading kan gjere at folk lar elbilen når dei skal ut på langtur.

Foto: Petter Larsson / NRK

– Prisen på hurtiglading kan truleg bli høgare enn prisen på drivstoff, seier Ihle.

Han fryktar da at folk lar elbilen stå og tek drivstoffbilen på lengre turar.

Per dags dato har mange ein bil som går på drivstoff ved sidan av elbilen. Dei tilbakemeldingane me får frå kunden er at dei heller tek dieselbilen på langtur viss dei ser at det kan spare dei nokre hundrelappar, seier Ihle.

Vil ha lågare avgift

Kommunikasjonsleiar i Elbilforeningen, Petter Haugneland, er positiv til høgare effekt på hurtiglading. Han trur ikkje folk vil ha eit problem med å betale meir for kortare ladetid.

Petter Haugneland, kommunikasjonsleder, Norsk elbilforening

POSITIV: Kommunikasjonsleiar i Elbilforeningen, Petter Haugneland, likar godt at effekten på hurtiglading kjem til å auke.

Foto: Aksel Jermstad / Norsk elbilforening

Sidan ein gjer mesteparten av den daglege ladejobben heime til ein rimeleg pris, treng ein ikkje bruke hurtiglading like ofte som når ein må fylle drivstoff. Så det er jo likevel mykje billigare med elbil når ein ser på det store bilete, seier Haugneland.

Haugneland meiner likevel at ein må få senka ladeprisen så langt ned ein kan. Slik at det blir det blir mest mogleg attraktivt å køyre elbil. Den beste løysinga vil da vere å kutte i effektavgifta seier han.

  • Funnet i god behold

    Den sju år gamle jenta som var savnet i Skien er funnet i god behold. Jenta blir gjenforent med foreldrene. Politiet var i ferd med å trappe opp leteaksjonen, som nå blir avblåst ifølge politiet. Jenta ble funnet av en lærer som var ute og lette.

    Laster Twitter-innhold
  • Leteaksjon etter 7 år gammel jente

    Politiet kaller inn ekstra mannskaper i letingen etter ei 7 år gammel jente på Gulset i Skien. – Jenta kom ikke hjem som avtalt. Det er mørkt og kaldt og vi tar dette på største alvor når det gjelder ei så ung jente, sier Terje Pedersen i politiet.

  • 7 år gammel jente savnet på Gulset

    Politiet leter etter ei 7 år gammel jente på Gulset i Skien. Jenta dro hjemmefra klokke 14.15. Hun har lyst hår og er iført en blå vinterjakke med små grønne, lilla og røde prikker.

  • Spredt HSN skaper trøbbel

    Høgskolen i Sørøst-Norge har støtt på problemer med universitetssøknaden fordi de er lokalisert for mange steder. Rektor Petter Aasen er overrasket over at dette blir et tema og vil rydde opp i eventuelle misforståelser. Høgskolen holder til i Telemark, Vestfold og Buskerud.