Hopp til innhold

Hunden har nese for alt

Frank Rosell har forska i 20 år på luktesansen til bever, brunbjørn, murmeldyr og grevling. Nå har han skrive bok om nesa til hunden.

Frank Rosell

Frank Rosell med hunden Chip, ein border collie som er mor til to kvalpar.

Foto: Ragnar Lurås / NRK

"Ei nase for alt" handlar om hunden sitt lukteunivers, og hunden som mennesket sin nyttigaste venn.

Onsdag var Frank Rosell gjest hos Solfrid Leirgul Øverbø i Telemarksendinga for å fortelje om boka.

– Det første ein hund gjer når den skal helse på folk er lukte i skrittet, for der har vi mange kjertlar og gode lukter. Så der kan den identifisere oss, seier Rosell.

Møte bever i skogen

Frank Rosell

Border collien Chip og Frank Rosell.

Foto: Ragnar Lurås / NRK

Hundar pleier også å lukte på hender og andre stader på kroppen for å finne ut i kva for emosjonell tilstand du er i.

– Om du er sinna eller verkar glad.

Frank Rosell fortel at han starta med å studere kjemi rett etter gymnaset.

– Men så møtte eg ein bever i skogen då eg var om lag 21 år. Ei utruleg artig oppleving.

Møtet med beveren forandra livet til Frank Rosell. Han drog til Nederland for å studere bever.

Kan ikkje sjå lukt

Der la han merke til at beveren markerte med duftmarkeringar, og starta med å skrive mastergradsoppgåve om det.

– Og så tok det berre av etter det.

Det førte til at han ville finne ut meir om luktkommunikasjon hos forskjellige dyreartar.

– Og hunden har alltid vore ein venn.

Rosell fortel at dyra har eit språk som vi menneske ikkje forstår, for vi kan ikkje sjå lukt. Og det gjer det veldig annleis.

– Det blei eg veldig nysgjerrig på.

Har lært mykje

Og det var starten på snusing på duftmarkeringar og anna lukt. Og nå snusar han på meir og meir, ikkje minst etter å ha skrive boka om luktesansen til hunden.

Frank Rosell fortel at han har lært mykje gjennom å skrive boka, blant anna fordi den spenner over så mange fagfelt.

Han har besøkt folk med hundar i forsvaret, politiet, tollvesen og jegerar.

– Alle desse folka har det vore utruleg moro å møte. Og det skriv eg også om i boka, seier Rosell.

Har potensial

Han har forska på hundens luktesans når det gjeld bever, og har utdanna dei første beverhundane i verda.

– Her er det mange lukter som instrument ikkje klarar å finne ut av, seier Rosell.

Årsaka er at dei finst i så låge konsentrasjonar at instrumenta ikkje oppdagar dei.

Rosell meiner det finst eit unytta potensial seg fram til sjukdomar, og nemner diabetes som eit døme.

– Det er faktisk hundar som kan lukte om ein person har høgt eller lågt blodsukker og seie frå om det. At no treng du ei insulinsprøyte eller litt sukker for å auke eller minske blodsukkeret.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark