NRK Meny
Normal

Homme kan fortsette i Nissedal

Halvor Homme kan fortsette som ordførar i Nissedal om han får støtte frå KrF og Høgre. Arbeidarpartiet er valvinnaren i Nissedal.

Halvor Homme

Arbeidarpartiet har gjort eit godt val i Nissedal med Halvor Homme som ordførarkandidat.

Foto: Ragnar Lurås / NRK

Vallogo

Arbeidarpartiet blei det største partiet i Nissedal etter valet med sju mandat. Senterpartiet går litt tilbake, men får fem mandat i det nye kommunestyret.

Halvor Homme frå Arbeidarpartiet trenger støtte frå KrF og Høgre også i denne perioden for å kunne fortsette som ordførar.

Høyre og Frp mister to mandat til Arbeidarpartiet i det nye kommunestyret. KrF får tre mandat som før.

Vil samarbeid med KrF og Høgre

Ordførar Halvor Homme seier Arbeidarpartiet bør ha ein god sjanse til å få behalde ordføraren.

– Nissedal Arbeidarparti har ikkje vore så store på ein mannsalder. Dette er ei tillitserklæring, så eg håpar vi skal få til ein allianse med KrF og Høgre dei neste fire åra som sikrar meg som ordførar.

Arbeidarpartiet har samarbeida med KrF som har hatt varaordføraren og Høgre i denne perioden.

– Vi vil vere tru mot våre alliansepartnarar i denne perioden og håpar vi skal få til eit samarbeid, seier Homme.