Styret ved Sjukehuset Telemark vedtok tysdag denne veka å legge ned akutt- og døgnfunksjonane i Rjukan og Kragerø.
Les også:
Saka skal no behandlast av styret i Helse Sør-Øst den 19. juni. Høie kan derfor ikkje seie si meining om saka ennå.
– Nå skal denne saka vidare til behandling hos Helse Sør-Øst, og så hamnar den på mitt bord til slutt. Det er for tidleg for meg å seie noko om dette nå, seier Høie til Klassekampen.
Endringar før sjukehusplanen
I regjeringserklæringa lovar Høgre og Framstegspartiet å «stoppe nedleggingar av akutt- og fødetilbod som ikkje er grunngjeve med pasienttryggleik og kvalitet, før nasjonal helse- og sjukehusplan er behandla».
Sjukehusplanen kjem på plass til neste år, men det kan likevel skje endringar før den tid, fortel Høie.
– Det vil komme endringar i sjukehustilbodet heile vegen, sjølv om vi jobbar med ein nasjonal sjukehusplan, seier statsråden.
I den nasjonale sjukehusplanen vil det komme klare rammer for dei ulike lokalsjukehusa.
Les meir her: Sykehusstriden i Telemark