Hopp til innhold

Høgspentline knyter Telemark til Setesdal

Vest-Telemark Kraftlag og Agder Energi skal bygge ei ny høgspentline frå Vamark sør for Haukeli til Hovden i Bykle. Lina vil gje reservestraum til fleire tusen kundar i øvre Vinje og i Setesdal.

Sæsvatn

Lina skal gå frå Vamark sør for Haukeli, over Bykleheia til Hovden i Setesdal.

Foto: Johs Apold / NRK

Det er Agder Energi som tok initiativ til å bygge lina. Vintersportsstaden Hovden er sårbar for feil, og i dag har fastbuande og fleire tusen hytter på Hovden ingen alternativ til lina frå Setesdal.

– Når anlegget står ferdig har vi ei gjensidig reserveløysing som gjev Hovden straum frå Telemark. Dersom det blir feil på tilkoplinga til sentralnettet i Kjela, kan straumen sendast andre vegen, slik at folk i øvre deler av Vinje får straum frå Hovden, seier direktør i Vest-Telemark Kraftlag, Ketil Kvaale.

Bilete sendt fra villrein i Kvennaområdet

Lina skal gravast ned mellom anna for å verne villreinen.

Foto: Norsk institutt for naturforskning

Avtalen mellom dei to energiselskapa blei underskriven før jul, og selskapa reknar med at anlegget til rundt 18 millionar kroner står ferdig i løpet av 2015. Etter det NRK kjenner til fell godt over halve kostnaden på Agder Energi.

Line i grøft

Høgspentlina går i høgfjell og fjellbjørkeskog, og store deler av den 11 kilometer lange lina skal gravast ned.

– Planlegginga på etterjulsvinteren avgjer om lina skal gå på land eller også i vatn, seier Ketil Kvaale.

I tillegg til ei gjensidig reserveløysing for Bykle og Vinje kommunar, vil lina skaffe straum til fleire hundre hytter mellom Vamark i Vinje og Bjåen i Bykle.