NRK Meny
Normal

Kan få konkurranse i Fyresdal

Arbeidarpartiet kan få konkurranse av Høgre i Fyresdal.

Gunn Marit Helgesen, leiar Telemark Høgre

Gunn Marit Helgesen håpar Høgre kan stille valliste i Fyresdal.

Foto: Ragnar Lurås / NRK

Telemark Høgre har ambisjonar om å stille liste i alle kommunar ved neste års kommuneval.

Senterpartiet og Bygdelista har store problem med å rekruttere folk som vil stå på vallista ved neste års kommuneval.

Men nå melder Telemark Høgre at dei arbeider med å stille til val i Fyresdal med eiga valliste i kommunevalkampen.

Les også:

– Vi har akkurat fått Hjartdal i aktivitet, og der blir det arbeidd med ei valliste, seier leiar av Telemark Høgre, Gunn Marit Helgesen.

Sonderer terrenget

Telemark Høgre hadde 16 kommunelister ved valet i 2011. Nå er målet å ha lister i alle kommunar.

– Nå i desse dagar sonderer vi terrenget i Fyresdal, og målet er å få til ei liste der, seier Helgesen.

Helgesen meiner det vil vere synd for demokratiet, og for veljarane i Fyresdal om dei berre hadde ei liste å putte i valurna.