NRK Meny
Normal

Hjartdølane får nytt parti å stemme på

Etter ei pause på femten år stiller Hjartdal Høgre igjen liste til kommunevalet neste år.

Hjartdal Høyre

Leiar i Hjartdal Høgre, Audun Darrud, saman med stortingsrepresentant Solveig Sundbø Abrahamsen frå Seljord.

Foto: Ole Espen Strand

Hjartdølane får truleg eitt parti ekstra å stemme på ved kommunevalet neste år.

Les også:

I dag er Arbeidarpartiet, Senterpartiet og Kristelig Folkeparti representert i kommunestyret.

Hjartdal Høgre, med leiar Audun Darrud i spissen, arbeider nå med å etablere ei liste til lokalvalet.

– Vi ønskjer det skal bli meir valmoglegheiter i kommunen, og at fleire parti stiller valliste, seier Darrud.

Har ikkje drøfta samarbeid

Sven Tore Løkslid

Sven Tore Løkslid gir seg i kommunepolitikken, men Arbeidarpartiet er ikkje klar med ein arvtakar enno.

Foto: Lorentz Berg / NRK

Førebels har Hjartdal Høgre ikkje drøfta kva for parti som det kan bli aktuelt å samarbeide med i kommunestyret.

– Det har vi ikkje diskutert enno. Vi konsentrer oss om å lage vårt eige program, og så får tida vise kven Høgre eventuelt skal samarbeide med, om vi må det, seier Darrud.

Etter fleire periodar med Senterparti som det dominerande partiet i kommunestyret, brasa den unge Arbeidarparti-kometen Sven Tore Løkslid for tre år sidan inn i Hjartdal kommunestyre med 11 av 17 representantar.

Senterpartiet måtte nøye seg med fire og Kristeleg folkeparti med to.

Kleppen på topp i Sp

Da Sp-veteranen Olav Tho gir seg, har Mathias Kleppen rykket fram som toppkandidat for Senterpartiet.

Så er spørsmålet kven som hoppar til topps på Ap-lista etter Sven Tore Løkslid, som går inn i fylkespolitikken.

Arbeidarparti-veteran i Hjartdal, Audun Dølen, seier at enno ikkje er klart. For nominasjonskomiteen må kome fram til ei felles liste som blir lagt fram for medlemsmøtet.

– Og då har vi eit grønt ljos for å gå vidare, seier Darrud.