Hopp til innhold

Stoppar eigedomsskatt i Hjartdal

Hjartdal kommune stoppar vidare innkrevjing av eigedomsskatt.

Sven Tore Løkslid

Ordførar Sven Tore Løkslid legg seg flat og beklagar feil i eigedomsskatten.

Foto: Lorentz Berg / NRK

Ordførar i Hjartdal innrømmer at kommunen har gjort ein for dårleg jobb med innføring av eigedomsskatt i kommunen.

Onsdag vedtok formannskapet og skattenemnda i eit felles møte å stoppe den vidare innkrevjinga av eigedomsskatten.

Formannskapet ber og rådmannen fremje ei sak for kommunestyret om reduksjon av det samla skattetrykket.

For dårleg jobb

Ordførar Sven Tore Løkslid innrømmer at kommunen har gjort ein for dårleg jobb.

– Til det er svaret ja. Og det må vi legge oss flate for, seier Løkslid.

Han seier at det er gjort ei for dårleg kvalitetssikring av grunnlaget for utrekning av eigedomsskatt.

– Det var ikkje bra nok. Og der må kommunen ta sjølvkritikk, seier Løkslid.

Kommunen beklagar sterkt det som er skjedd, og seier at administrasjonen alt er i gang med det arbeidet.

(Artikkelen fortset under bilete)

Hjartdal kommune

Det var felles møte mellom formannskapet, sakkunnig nemnd og sakkunnig klagenemnd i Hjartdal onsdag. Nils Hovde, leiar i sakkunnig klagenemnd, Olaf Bekkhus, leiar i sakkunnig nemnd, rådmann Rune Engehult og ordførar Sven Tore Løkslid.

Foto: Hjartdal kommune

Har blitt ei belastning

Ordføraren har også gjeve ordre om at innkrevjing av andre termin for eigedomsskatten i kommunen blir stoppa fram til arbeidet er ferdig.

– Dette er utan tvil blitt ei belastning for kommunen. Men fokus er nå på å rette det opp, og kome ut av dette med æra i behald, seier Løkslid.

Eigedomsskatten har no førsteprioritet i Hjartdal kommune. Både i skattenemnda og i administrasjonen.

– Eg har bedt rådmannen legge fram ei sak for formannskapet og kommunestyre som viser konsekvensen av det samla skattetrykket, seier Løkslid.