Hopp til innhold

Her trenar gullvinnaren gamleklubben

SKIEN (NRK): Emilie Hegh Arntzen var med da Noreg vann gull under europameisterskapet i handball. I dag var ho tilbake på treningsfeltet med J11-laget til Gjerpen.

Den ferske EM-vinnaren trente i dag laget for jenter 11 i sin tidlegare klubb

TRENING: Sjå gullvinnaren trene gamleklubben

Eg tykkjer ho er kjempeflink og ho er mitt største idol, seier Hannah Borvik Hansen. Ho er ein av jentene på det aldersbestemte laget.

Kvifor er ho idolet ditt?

– Fordi ho har spelt for Gjerpen og har blitt så god, seier Hansen.

Ho håpar ho ein dag kan bli like flink som idolet sitt, og tykkjer det er stas at Arntzen kjem hit til Gjerpenhallen for å trene dei.

Sjå Arntzen trene Gjerpenlaget i videovindauget øvst i saka.

Emilie Hegh Arntzen

STOR DAG: Gjerpen sitt J11-lag var godt nøgd med å ha Arntzen som trenar.

Foto: Kurt Inge Dale / NRK

Framtida enno ikkje avklart

Det var ei stor oppleving å ta gull i Sverige, men eg må seie det var godt å kome heim no, seier Emilie Hegh Arntzen.

Ho legg ikkje skjul på at ho no ser fram mot litt juleferie.

– Det blir mykje trening, kampar og nye inntrykk, så ein kjenner det litt på kroppen, seier Arntzen.

Under EM blei Arntzen banas beste mot Ukraina, og spelte si rolle godt i Noregs handballag. Det smakte sjølvsagt ekstra godt når slitet også vart løna med gullmedalje.

No ventar juleferie i heimbyen Skien, men stjerneskotet har også ei viktig avgjersle ho må ta om kort tid.

Blir det utlandet neste sesong?

Det veit eg ikkje enno, men eg må jo sjølvsagt få sett med å gjere ei vurdering, seier Arntzen.