NRK Meny
Normal

Her skal Anders Behring Breivik til doms

SKIEN (NRK): Rettssaka er eineståande. Aldri før har ei så stor rettssak gått føre seg i eit fengsel, seier leiinga i Skien Fengsel.

Sikkerhetstiltak før rettssaken

Alt blir gjort for å sikre fengselet mot at uventa og farlege ting kan skje. Under rettssaka til veka er det forbode å flyge over fengselet.

Les også: Se hvordan Breivik soner i Skien fengsel

Presse frå heile verda til Skien

Langt frå alle får plass i Skien, men alle dei store norske media kjem. Det gjer også veldig mange av dei store utanlandske blant dei Xinhua News Agency (Kina), Peoples daily (Kina), De Telegraaf (Nederland), Süddeutsche Zeitung (München), VRT (Belgia), Die Welt, Newsweek, Reuters, AFP, TV2 Danmark, Sveriges Radio, TV POlnia, Sveriges Television, El Mundo, Dagens Nyheter m.fl. BBC og CNN er enno litt uklart for dei manglar norsktalande journalistar.

Det blir i alt 55 plassar for journalistar inne i gymsalen i Skien fengsel.

Jernring rundt fengselet

Politiet kjem til å vera både i og utanfor fengselet i Skien for å hindre at noko uventa og uønskt skjer. Ingen av dei ansvarlege vil seie stort om kva som skjer og kor mange som er involverte i vakthald. Svaret til pressa er: me har nok folk.

Bilar som skal inn med utstyr blir skanna, og hundar snusar om det er ulovlege stoff med utstyr og køyretøy.

Videooverføring til Oslo tingrett

Dei som ikkje får plass i Skien, får tilbod om å fylgje rettssaka på videooverføring til Oslo tingrett.

I alt 170 plassar er sett av til presse, pårørande etter 22-juli rettssaka, kriminalomsorga og interesserte i sal. Tett opp mot hundre av plassane i Oslo kjem også til å bli nytta av norske og utanlandske journalistar.

– Nobelprisen, Oljefondet og Breivik er det folk vil ha.

Seier den franske journalisten Pierre-Henry Deshayes. Han jobbar for det største franske nyheitsbyrået Agence France-Presse AFP. Pressebyrået med hovudkontor i Paris, har kontor blant anna i Montevideo, Hongkong og Washington. I tillegg har byrået

Pierre-Henry Deshayes

Anten nordmenn likar det eller ikkje, dette vil folk rundt i verda vita meir om, seier Pierre-Henry Deshayes.

korrespondentar i over hundre land. Deshayes jobbar i Oslo, og det han lagar blir distribuert til store delar av verda. Sjølv kjem han til Skien på måndag.

– De nordmenn likar ikkje å snakke om Anders Behring Breivik, men over alt er folk opptatte av å forstå denne gåta.

Det er sett av fire dagar til rettssaka

Rettssaka varer frå tysdag 15. mars til og med fredag 18. mars. Fengselsleiar Ole Kristoffer Borhaug seier at den største utfordringa er å få gjennomført dei daglege rutinane for dei andre fangane i fengselet mens rettssaka går føre seg.

  • Tyver knuste vindu og stjal sølvtøy

    Politiet melder om et innbrudd i Skien. Tyvene knuste et vindu og tok seg inn i boligen. Innbruddet skjedde i Gregorius Dagssons gate.

    Laster Twitter-innhold
  • Tre biler har kollidert i Vinje

    Åtte personer skal være involvert etter at tre biler kolliderte i Vinje sentrum. Ingen av personene involvert har fått alvorlige skader, melder politiet. Bilene har fått større materiell skade.

  • Mistenkt for kjøring i ruspåvirket

    Politiet stoppet en bil Langangen sentrum etter de hadde fått flere meldinger om at bilen kjørte vinglete på veien. Politihelikopteret observerte bilen ved Moheim i Porsgrunn. Patruljen tok igjen bilen på gamle E18 og stanset bilen i Langangen sentrum.

  • Skremmende

    Vitner til ransforsøket på urmaker Saastad synes det er skremmende at noen forsøker seg på ran midt på lyse dagen. Sten Thorstensen, sier til NRK at han ble sint, og at han og to andre tok opp jakten, men at ranerne kom seg unna i en fluktbil.

    Forsøk på ran med øks urmaker Saastad
    Foto: Sigmund Bolme / NRK