NRK Meny
Normal

Skiløparar utløyste snøskred

Det er stor snøskredfare fleire stader i landet. Fredag morgon blei fleire snøskred utløyst av skiløparar på Gaustatoppen.

Snøskred på Gaustatoppen i Telemark

Her går snøskredet ved Gaustatoppen fredag morgon. Ingen blei tatt i snøskredet som blei utløyst av to skiløparar.

Foto: Lars Gunleiksrud

Skiløparar har utløyst fleire snøskred på Gaustatoppen i Telemark. Politiet fekk fredag morgon melding om at det var gått snøskred ved Gaustatoppen.

Jan Olaf Jansen, operasjonsleiar Telemark Politidistrikt

Operasjonsleiar Jan Olaf Jansen.

Foto: Anne Lognvik / NRK

– Slik det er nå er det stor snøskredfare og vi oppfordrar folk til å vere forsiktig. Politiet har fått inn to meldingar om snøras på Gaustatoppen, seier Jan Olaf Jansen, operasjonsleiar i Sør-Øst politidistrikt, avdeling Telemark.

To snøskred på kort tid

Det første snøraset skjedde i halv ni fredag morgon.

– Det har vi sjekka ut, og det var ingen menneske som var tatt i det. Det gjekk eit nytt snøskred i 10.30-tida, og vi har fått stadfesta at det ikkje blei tatt nokon der heller, seier Jansen.

Begge snøskreda på Gaustatoppen er utløyst av skiløparar. Jansen seier det er viktig at dei som utløyser snøskred melder frå til politiet.

Meld frå til politiet om snøskred

Det blir meldt om snøskredfare fleire stader i land på nettstaden Varsom.no. Det er ei teneste som blir levert av NVE, i samarbeid med Meteorologisk institutt, Statens vegvesen og Jernbaneverket.

Det er særleg på Svalbard, i Vest-Finnmark, Troms, Ofoten i Nordland og Indre Sogn det blir meldt om snøskredfare.

– Eg ber folk om å vere forsiktig, og vere merksam heile tida. Meld frå til politiet om det går snøskred, seier Jansen.

Les snøskredvarsel på førehand

Bård Henning Midtbøen

Bård Henning Midtbøen ber folk vere forsiktige i fjellet til helga.

Foto: Sjur Ø. Knudsen / NRK

Bård Henning Midtbøen er observatør for NVE og er observatør for nettstaden Varsom.no. Han er også leiar for Rauland skredgruppe i Norsk Folkehjelp.

– Det er store lokale variasjonar. Det har kome ein del snø i det siste og vore ein del vind. Så snøen har blåst inn i lesider og laga fokksnø. Der kan ein skiløpar fort utløyse eit snøskred.

Midtbøen seier det er moderat skredfare i Telemark, men det er viktig at folk les varselet på nettstaden.

– Det er meldt om fint vær til helga, og det er mykje folk i fjellet og då er det alltid ein fare for at dei kan utløyse snøskred. Det er viktig at folk held seg unna dei mest farlege områda, seier Midtbøen.

  • Mot ny rekord på Rjukan

    Industriarbeidermuséet kan slå den gamle besøksrekorden i år. Rekorden fra 1993 er på over 51.000 besøkende. Tungtvannsserien på TV og annen medieomtale har økt interessen for museet, skriver Varden.

    Tungtvannsampull
    Foto: Petter Melsom / NRK
  • Vestfoldbanen åpnet igjen

    Vestfoldbanen er nå åpnet igjen for normal trafikk etter en feil på sporet mellom Porsgrunn og Larvik tidligere i dag.

  • Vestfoldbanen stengt

    Laster Twitter-innhold
  • Feil ende av statistikken

    Telemark er blant fylkene med den laveste levealderen for kvinner. Statistikken til Folkehelseinstituttet for fjoråret viser at gjennomsnittlig levealder for kvinner i fylket er 82,8 år. Kvinner i Sogn og Fjordane har den høyeste levealderen med 85,2 år.