Hopp til innhold

Her får dei gratis skulemat

VINJE (NRK): Som ein av to kommunar i landet gjev Vinje kommune alle barn i grunnskulen gratis skulemat kvar dag. Gratis skulemat er eit gamalt SV-krav, og no pussar partiet støv av fanesaka.

Thea Gjerlid Sollid

Thea Gjerlid Sollid og de andre barna i Vinje kommune et gratis skulemat.

Foto: Stian Wåsjø Simonsen / NRK

– Der er mykje betre enn niste, så me er heldige som får mat på skulen.

Det seier Daniel Solbjør Velde, som er elev ved Øyfjell oppvekstsenter i Vinje. Han har akkurat sett seg ned ved matbordet for å ete maten han har fått av skulen.

Elevene på Øyfjell oppvekstsenter spiser

Elevane kosar seg rundt matbordet på skulen.

Foto: Petter Melsom / NRK

Denne dagen er det gryterett med salat elevane har fått servert på tallerken. Vanlegvis er det brød og pålegg som står på menyen, men ein dag i veka får dei varm mat.

Elevane pratar og diskuterer med kvarandre over den varme gryteretten. Assisterande rådmann i Vinje kommune, Anders Sandvik, meiner skulematen kan førebygge mobbing, blant anna fordi elevane har lært kvarandre å kjenne rundt matbordet.

– Dessutan gjev dette alle elevane nøyaktig den same maten. Det blir ikkje slik at nokon har betre niste enn andre, og da vert ulikskapane mindre, seier Sandvik.

Vil ikkje gi opp kampen

Lysbakken

Partileiar i SV, Audun Lysbakken, meiner fleire politiske parti har blitt meir positive til gratis skulemat.

Foto: Ruud, Vidar / NTB scanpix

Gratis skulemat har vore ein fanesak for SV, men seinast i februar vart eit forslag om å greie ut ei slik ordning nedstemt i Stortinget.

Likevel har ikkje SVs leiar Audun Lysbakken tenkt å gje opp kampen om gratis skulemat.

– Tvert imot. Nokon gonger tar det tid før fornufta sigrar, men eg trur vi nærmar oss dagen då gratis skulemat blir innført i heile landet, seier han.

Partileiaren meiner debatten om skulemat har blitt fordumma, og held fast på at tiltaket kan ha store positive ringverknader.

– Det ser vi tydeleg i Vinje, der signala frå barna, foreldra og politikarane er eintydige. Dette vil vere eit utruleg godt tiltak for læring, trivsel og folkehelse.

Serverer mat

Tone Haugen Lognvik serverar elevane mat kvar dag.

Foto: Petter Melsom / NRK

Verdt pengane

Vinje kommune og Bykle kommune er dei to einaste kommunane i landet som har ei slik ordning. Vinje brukar til saman 1,3 millionar kroner i året på skulemat til dei 430 skuleelevane i kommunen. Det er ca. 16 kroner per elev kvar skuledag. Anders Sandvik er ikkje i tvil om at pengane er ei god investering.

Anders Sanvik

Assisterande rådmann i Vinje kommune, Anders Sandvik, seier dei opplever at elevane har lettare for å få i seg mat no, enn da dei måtte ha med nistepakke.

Foto: Petter Melsom / NRK

Me syter for at alle elevane får i seg mat i løpet av dagen. Det gjer at dei held energien oppe utover skuledagen. Mykje forsking seier jo at om du held deg opplagt så har du lettare for å lære nye ting, seier Sandvik.

Men kvifor er det ikkje godt nok med nistepakka?

– Det er ikkje noko gale med nistepakka. Men me opplevde at ikkje alle åt nista som dei hadde med seg på skulen. Dessutan var det ikkje alle som hadde like gode nistepakker, seier Sandvik.