Hopp til innhold

Her filmar dei elgen- så går han til angrep

Turgåarar i Lunde i Telemark ante fred og ingen fare da dei var ute på ein fjelltur sist helg. Turen blei ikkje heilt som dei trudde da skogens konge plutseleg dukka opp på stien og var i svært dårleg humør.

Created by InfoDispatcher

SINNA ELG: Her angriper elgen turgåarar i Lunde i Telemark.

Ein elg i Lunde har blitt svært lite sky for menneske, og i helga gjekk den til angrep på to turgåarar.

Viltnemnda har vore ute og sett etter elgen, men har foreløpig ikkje sett noko til dyret.

Anette Emilie Tøndel fortel om opplevinga da elgen kom rett imot henne på stien ned frå fjelltoppen Knarren.

– Det er ikkje første gongen eg møter elgen. Dei andre gongene har den vore meir nysgjerrig, så vi blei litt overraska då ha plutseleg kom springande mot oss i full fart, seier Tøndel.

NRK Østafjells

Anette Emilie Tøndel fortel om opplevinga da elgen kom rett imot henne på stien.

Ville filme elgen

Ho fortel at dei stoppa med ein gong dei såg elgen, og då kjem den gåande mot dei.

– Det første eg tenkte var at dette må eg få filme. Og han som står ved sida finn seg ein lang stokk for å vere sikker på at han ikkje vil angripe, seier Tøndel.

Dei står ganske roleg og ser elgen kome og gå tilbake i skogen.

– Vi har sett filmen nokre gonger, og då ser vi at elgen legg øyra bakover og krummar ryggen når den spring mot oss. Den er to meter unna når han stoppar, seier Tøndel.

Opplevinga var litt skremmande, og Anette Emilie Tøndel kjente at hjartet slo litt fortare.

Les også: Slik takler du møter med elg

Slike episodar skjer kvar vår

Hans Arne Vibeto

Hans Arne Vibeto, leiar i viltnemnda.

Foto: Hilde Martine Lindgren / NRK

Viltnemnda i Nome er kjent med den aktuelle elgen, fortel leiar i nemnda, Hans Arne Vibeto.

– Det er ein ung elg som gjekk til angrep. Han er ikkje sinna, men litt frustrert om våren. Det er godt beite der, og det er mange som har sett den. Men det er einaste gongen den har oppført seg slik, seier Vibeto.

Viltnemnda kjem til å følge opp saka, og sjå kva som skjer med elgen. Vibeto fortel at det kvar vår så blir det meldt frå om slike episodar.

– Ungane bli jaga frå mora, og då får dei litt problem og kjem opp i slike situasjonar, seier Vibeto.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark