Hopp til innhold

Helsetilbodet i Kragerø bryt med lova

Ein tilsynsrapport frå Fylkesmannen syner at helsetilbodet til personar med utviklingshemming i Kragerø kommune ikkje er godt nok. Omsorgssjefen i Kragerø seier dei tek innhaldet i rapporten på alvor, men han er ikkje einig i alt som kjem fram i rapporten.

Flagging på Kragerø rådhus

BRYT LOVA: Ein rapport frå Fylkesmannen syner fleire avvik i helsetilbodet til Kragerø kommune.

Foto: Anne Lognvik / NRK

Det er jo snakk om ei ressurssvak gruppe i dette tilfellet og da er det viktig at både kommunen og fylket tek eit ekstra ansvar for å sikre at tilbodet deira er godt, seier Steinar Aase. Han er fylkeslege i Telemark og har hovudansvaret for tilsyn av helsesektoren i fylket.

Steinar Aase

TILSYN: Fylkeslege Steinar Aase har hovudansvaret hor tilsyn av helsesektoren i Telemark.

Foto: Solfrid Leirgul Øverbø / NRK

Etter eit tilsyn i helsetilbodet for utviklingshemma personar i Kragerø kommune peiker ein rapport på fem punkt der kommunen bryt med lova. Desse punkta blir kalla for avvik.

– Om ein skal summere opp kva desse lovbrota går ut på, så vil eg seie det i hovudsak dreiar seg om at det blir sett inn for lite tid og ressursar til pasientgruppa, seier Aase.

Det er nokre av punkta me ikkje kjenner oss igjen i.

Vidar Stein Andersen - Omsorgssjef i Kragerø kommune

Tek rapporten på alvor

– Me hadde jo rekna med at noko ville dukke opp for det gjer det alltid under slike tilsyn. Men at det skulle vere så alvorleg som rapporten syner hadde me ikkje venta, seier Omsorgssjef i Kragerø kommune, Vidar Stein Andersen.

Vidar Stein Andersen

JOBBAR HARDT: Omsorgssjef i Kragerø kommune, Vidar Stein Andersen, seier dei no jobbar hardt for å rett opp i lovbrota.

Andersen seier dei no jobbar hardt for å rette opp i lovbrota som kjem fram i rapporten. Han meiner dei ligg godt i rute og er trygg på å nå freista som Fylkesmannen har er sett til 11. november.

– Nokre av avvika i rapporten er allereie lukka, seier Andersen.

Sjølv om rapporten syner til fleire lovbrot, meiner Vidar Stein Andersen likevel at deira helsetilbodet til personar med utviklingshemming er forsvarleg.

– Det er nokre av punkta me ikkje kjenner oss igjen i. Da tenker eg spesielt på avvika som peiker på at sjølve omsorga for brukarane ikkje er god nok. Me meiner at det er sjølve organiseringa av tilbodet me må gjere noko med, og at me også må bli flinkare til å dokumentere det me gjer, seier Andersen.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark