Hopp til innhold

Helseministeren vil sikre tilbod til rusavhengige

Helseminister Bent Høie har kalla inn Helse Sør-Øst til eit føretaksmøte for å sikre at rusavhengige skal ha eit like godt tilbod som i dag.

Bent Høie
Foto: Hans Cosson-Eide / NRK

Borgestadklinikken fryktar at dei må legge ned tilbod, etter det anbodet dei har fått av Helse Sør-Øst. Nå har helseminister Bent Høie kalla inn til føretaksmøtet neste fredag for å gå gjennom anbodet på nytt.

– Eg er opptatt av at rusavhengige, og ikkje minst gravide rusavhengige skal ha eit minst like godt tilbod som det dei har i dag, seier Høie til NRK.

Helseministeren seier han har kalla inn til føretaksmøte for å sikre at det kjem eit anbod som varetar det.

– Høgre og Framstegspartiet, men også våre samarbeidsparti KrF og Venstre har ein veldig klar politikk på dette området. Vi ønskjer å styrke tilbodet til rusavhengige, og vi ønskjer å bruke ledig kapasitet hos private og ideelle aktørar.

Borgestadklinikken Blå Kors

Borgestadklinikken ønskjer å gje eit tilbod om avrusing til gravide rusmisbrukarar.

Foto: Anne Lognvik / NRK

Har merka engasjementet

Høie seier det er mange frå Høgre og frå samarbeidspartia som har tatt kontakt i denne saka.

– Det er veldig kjekt at det er eit sterkt engasjement for Borgestadklinikken i Telemark. Men dette er eit anbod, og då er det lovar og reglar som må følgjast.

Helseministeren seier at omfanget av det anbodet som er ute nå ikkje er godt nok for å vareta denne pasientgruppa, og særleg dei gravide rusmisbrukarane.

– Det er kalla inn til føretaksmøte for å rette opp i dette, seier Høie.

Glad Høie tar tak

Yngvar Thorjussen

Avdelingsoverlege Yngvar Thorjussen ved Borgestadklinikken.

Foto: Martin Torstveit / NRK

Avdelingsoverlege ved Borgestadklinikken, Ingvar Thorjussen, er glad for at det no ser ut til at helseministeren tar tak i dette.

– Det anbodet som ligg ute er direkte i strid med regjeringa sin helsepolitikk. Og fritt behandlingsval er sterkt svekka i Helse Sør-Øst dersom dette blir ståande.

Borgestadklinikken har vore uroa på vegner av pasientane, fordi kapasiteten vil bli redusert på viktige tenester.

– Vi håpar Høie har sett av dette anbodet rammar både Borgestadklinikken og private og ideelle organisasjonar generelt. For alle kan delta i dette anbodet etter at vi sa opp avtalen vår.

Håpar tilbodet er redda

Borgestadklinikken håpar avrusing kjem inn igjen i anbodet frå Helse Sør-Øst etter føretaksmøtet.

– For i realiteten er kapasiteten halvert. Vi ønskjer i staden at kapasiteten blir auka med at våre tjue plassar blir halde oppe.

Thorjussen er glad for at Høie nemner gravide rusmisbrukarar.

– Men skal dei få det tilbodet vi gir i dag, så er vi avhengig av å ha avrusing i tillegg. Og Borgestadklinikken vil vurdere om vi kan delta i eit anbod, dersom avrusing ikkje er med. Men vi har eit håp om at dette er redda no.