NRK Meny
Normal

Hekstisk natt for brannvesenet

Hektisk kveld og natt for brannvesenet. Lynet slo ut system også hos brannvesenet.

Tor Holt, Skien Brannvesen

Tor Holt ved Skien Brannvesen fortel om ei hektisk natt for brannvesenet.

Foto: Gry Eirin Skjeldbred / NRK

Det har vore ein særdeles travel og hektisk natt for brannvesenet. Dei kan ikkje hugse sist det var slikt vêr.

Mange brannmannskap har vore på jobb sidan klokka 17 torsdag. Nokre heilt sidan torsdag morgon. Og arbeidet berre held fram utover formiddagen i fredag.

Les også:

Hektisk natt

Framleis er det mykje å gjere etter uvêret i går kveld og natt. På alarmsentralen hos brannvesenet i Skien har det vore dobbelt bemanning gjennom natta.

– Det har vore hektisk gjennom heile natta, mange automatiske brannmeldingar som ein følgje av uvêret, seier Tor Holt i Skien Brannvesen.

Det har vore to kraftige husbrannar, ein i Porsgrunn og ein i Skien.

– Det er alvorleg i vår målestokk, og så har vi hatt nokre mindre branntilløp, seier Holt.

Lynet slo ut system

Brannvesenet i heile Telemark blir styrt frå alarmsentralen hos brannvesenet i Skien.

Då er det best at alt fungerer, men sjølv ikkje brannvesenet slapp unna uvêret sine herjingar, fortel branninspektør Henrik Brokke.

– Vi opplevde at noko av vårt utstyr også blei forstyrra av torevêret. Og det same skjedde med noko av utstyret ute i kommunane.

Men brannvesenet har sikra seg med fleire ulike system. Og det førte til at utstyret var oppe å gjekk heile tida.

Og når det er ekstremvêr hender det også at brannvesenet blir råka.

– At lynet slår ut system er noko av det som er vanskelegast å verne seg mot, seier Brokke.

  • Mangler 70 bøssebærere

    TV-aksjonen mangler 70 bøssebærere i Skien, det opplyser fylkesaksjonsleder i Telemark, Arild Flatland. Bøssebærerne starter å gå klokka 16.00, og Flatland oppfordrer folk til å ringe 0225 dersom de har mulighet til å bidra.

    Bøssa TV-aksjonen 2017
    Foto: Anette Torjusen / NRK
  • 150 demonstrerte i Skien

    Rundt 150 personer gikk i går i fakkeltog i Skien til protest mot pelsdyrnæringa. Totalt så var det rundt 9000 som deltok i protestene rundt om i 30 byer i landet, melder arrangørene.

    Fakkeltog mot pelsdyrnæringa
    Foto: PRIVAT
  • Vannlekkasje i Skien

    Det er en stor vannlekkasje i Skien sentrum, skriver TA. En av hovedvannledningene i sentrum har gått i stykker og det vil ta flere timer å utbedre skadene. Vannet er koblet av og det er et område med mange kontorlokaler og få leiligheter som er ramma.

  • Vil ruste opp Lietorvet

    Bratsberg Næringseiendom vil ruste opp Lietorvet i Skien for 60 millioner kroner, skriver TA. Haavard Skare som er administrerende direktør i Bratsberg Næringseiendom, gleder seg til å revitalisere kjøpesenteret.

    Lietorvet, Skien
    Foto: Øystein Økter / NRK