NRK Meny
  • Alle ute av køyretøya

    Politiet kjemmer ikkje skadeomfanget etter kollisjonen i Gransherad, men operasjonsleiar Aadne Røilid opplyser at sjåførar og passasjerar har teke seg ut av køyretøya ved eiga hjelp. Det er ein buss og ein personbil som har kollidert på fylkesveg 37.

  • Bil mot buss i Gransherad

    Ein buss og ein bil har kollidert på fylkesveg 37 i Gransherad. Naudetatane er på staden. Skadeomfanget er førebels ikkje kjent.

  • Ber gardeigarar rydde snø

    Gardeigarar i Skien sentrum pliktar å rydde snø frå fortaua, og å strø når det er glatt. Det seier einingsleiar Bjarne Skauen i Skien kommune. Skauen ber gardeigarane legge snøen på eigen eigedom, og ikkje måke han ut i vegen.

  • Skagerak fryktar nye straumbrot

    Skagerak Energi fryktar nye problem med straumforsyninga, dersom det kjem meir snø. Det seier kommunikasjonssjef Thor Bjørn Omnes. Omnes seier at mange tre står i fare for å knekke, og at dette kan føre til nye straumbrot.

    Helikopter strøm agder energi
    Foto: Odd Rømteland / NRK