Hopp til innhold

Redda av morenerygg ved Mount Everest

Dei var på veg opp Mount Everest da jordskjelvet ramma Nepal. Nå er fjellklatrarane frå Telemark heime med blanda kjensler.

Tone Gravir og Leif Harald Bergseth

Tone Gravir og Leif Harald Bergseth er glade for å vere heime i Porsgrunn igjen.

Foto: Ragnar Lurås / NRK

Leif Harald Bergseth og Tone Gravir hadde planlagt ekspedisjonen til Mount Everest i over 2 år, og jobba målbevisst for å førebu seg til å klatre verdas høgste fjell 8848 meter over havet.

I løpet av få minutt endra alt seg for fjellklatrarane, da Nepal blei ramma av det kraftigaste jordskjelvet på over 80 år.

– Det har vore ei oppleving som har vore skummel. Men det er også med litt blanda kjensler vi er glade for å vere heime, for vi har trent for noko anna, seier Gravir.

Bakken ristar under dei

Paret skulle etter planen vore ein månad til i landet, då jordskjelvet kom.

– Først startar det med at bakken ristar, mens vi sit i matteltet for å ete lunsj og pratar om kor sterk gruppa er og at alt såg veldig bra ut. Så skjer dette, seier Bergseth.

Han fortel at dei spring ut av teltet, og då tek det berre få sekund før det buldrar i fjellet.

– Og når vi snur oss rundt, kjem det ein stor kvit vegg mot oss. Eg spring inn i det store teltet, mens Tone berre rakk å kome inn i det vesle teltet vi har budd fem veker i, seier Bergseth.

Leif Harald Bergseth og Tone Gravir

Leif Harald Bergseth og Tone Gravir fotografert i Nepal før jordskjelvet.

Foto: Privat

Redda av morenerygg

Femti meter lenger nede var det ikkje like sikkert med berre eit telt som vern.

– Eg var veldig redd. Det kom vind og snø, så eg tenkte at blir det verre nå, så er det ikkje bra, seier Gravir.

Seinare får dei vite kor ille det har gått ut over dei som er 50 meter lenger nede i Basecamp.

– Det viste seg at vi hadde ein liten morenerygg som redda oss, så snøen gjekk meir over oss. Der nede var det ei slagmark med mange døde og skadde menneske, seier Bergseth.

For Leif Harald Bergseth er det tredje turen der det skjer noko dramatisk, men paret er glade for at det gjekk bra denne gongen også.

– No har vi fått beskjed av barna og resten av familien at vi ikkje får lov meir, seier Gravir.