NRK Meny
Normal

Heidrar blues med kunst på Telemarksgalleriet

Meir enn 30 kunstnarar og musikarar frå Noreg og USA har bidrege til kunstutstillinga «Blues in Art» på Telemarksgalleriet på Notodden.

Ernest Withers, i am a man

Ernest Withers: "i am a man" blir stilt ut på Telemarksgalleriet. Her kan du sjå verker av mange kunstnarar som er inspirert av bluesmusikken.

Tor-Arne Moen, festivalkunstnar

Tor-Arne Moen: Måleri

Blues kan bli heidra på mange måtar, også gjennom kunst viser det seg. Utstillinga «Blues in Art» skal heidre bluesmusikken og det er Telemarksgalleriet og Notodden Blues Festival som ønskjer velkomen til utstillinga som opnar den 24. mai.

Utstillinga viser verk av meir enn 30 kunstnarar og musikarar frå Norge og USA.

– Dei vil vise fram sitt forhold til bluesmusikken. Det er biletkunstnarar, fotografar og det er musikar som også uttrykker seg med bilete, seier dagleg leiar i Telemarksgalleriet Helene Brekke.

Stor variasjon blant utstillarane

everybody

Magne Furuholmen: "everybody"

Ho fortel at det blir stor variasjon blant bileta som folk kan få sjå i Telemarksgalleriet fram til 13. september.

– Her blir det alt frå kjente norske kunstnarar som Ørnulf Opdahl, Magne Furuholmen og Kjell Nupen. Det er amerikanske kunstnarar som Charlie Buckley og Jason Bouldin frå Mississippitraktene.

Årets festivalkunstnar Tor-Arne Moen stiller ut bileta som skal bli årets festival-motiv.

– Vi har også fått låne verk av internasjonale stjerner som Miles Davis, Bob Dylan og Joni Mitchell. Dei viser korleis dei uttrykker seg med penn, papir og pensel.

Brekke fortel at det er veldig stor variasjon blant dei som stiller ut bilete.

Helene Brekke og Rita Engerdalen på jobbtur

Helene Brekke og Rita Engedalen på studietur i USA ved "Shack UP IN MS" ved Clarksdale.

Foto: Picasa

Jubileum for Bluesfestivalen

– Korleis kom denne utstillinga i gang?

Nico Widerberg

Nico Wiederberg: "Stup"

– Bluesmusikar Rita Engedalen har i mange år ønska seg ei bluesutstilling i Telemarksgalleriet. Vi har snakka om det veldig lenge, og så kom det ein god sjanse når bluesfestivalen har 30-års jubileum.

Det blei tatt kontakt med Notodden Blues Festival for å høyre om dei syntest dette var eit spennande prosjekt, og det gjorde dei.

– Vi starta å jobbe med utstillinga for over to år sidan, så difor er det artig å kunne presentere denne utstillinga for publikum, seier Brekke.

  • Slutt på lukka møter

    Ordførar Hedda Foss Five i Skien vel å kutte praksisen med dei lukka møta og flyttar innhaldet i samlingane til andre fora som er opne for pressa, skriv Varden. Endringa skjer etter at Fylkesmannen konkludera med at gruppeleiarmøta i nabokommunen Porsgrunn var i strid med kommunelova.

    Hedda Foss Five
    Foto: Martin Torstveit
  • Her kan du se Østafjells 20.55:

    Østafjells 20:55
  • Dømt for å ha tent på eget hus

    Agder lagmannsrett har dømt en mann fra Midt-Telemark til 10 måneders ubetinga fengsel, for å ha tent på sitt eget hus, skriver TA. Mannen i 30-årene ble frikjent i tingretten, men flertallet av dommerne i lagmannsretten var uenige.

  • Her kan du se Østafjells 18.50:

    Østafjells 18:50