Hopp til innhold

Heider til Aagot Noss

90 år gamle Aagot Noss blei heidra med eit jubileumsseminar for arbeidet sitt med folkedrakter.

Aagot Noss blei heidra på 90 års dagen med jubileumsseminar om folkedrakter.

Aagot Noss frå Ål i Hallingdal har skrive 13 bøker om folkedrakter, fleire av dei frå Hallingdal og Telemark.

Torsdag fylte ho 90 år. Og fredag blei ho heidra på eit jubileumsseminar for bunadsinteresserte i Oslo.

(Artikkelen held fram under bilete)

Aagot Noss, jubileumsseminar

Det var folksamt på jubileumsseminaret om folkedrakter i Oslo der Aagot Noss blei heidra.

Foto: Anne Lognvik / NRK

Trur bunaden vil overleve

90-åringen var fornøgd med oppmøtet på seminaret, men beskjeden på eigne vegner.

– Det er litt flaut. Eg likar ikkje så mykje fokus på meg sjølv, seier Noss.

Aagot Noss har skrive fleire bøker om folkedrakter, mellom anna frå Ål i Hallingdal, Telemark og Setesdal. Og ho har forska i norske folkedrakter dei norske som utvandra til Amerika hadde med seg.

Boka "Nærbilde av ein draktskikk" om folkedrakter i Ål som kom ut i 1986 reknar Aagot Noss som noko av det beste ho har gjort.

Bo Lønnquist

Professor Bo Lønnquist

Foto: Anne Lognvik / NRK

– Eg trur bunaden vil overleve, for det har noko med identitet å gjere, seier Noss.

Fornya synet på folkedrakter

Professor Bo Lønnquist frå Finland seier at Aagot Noss har fornya synet på folkedrakter i heile Norden.

– Ho har vore flink til å snakke med folk og ta vare på det folk minnest om korleis folk kledde seg, seier Lønnquist.

Og ho har sjølv tilverka og gitt ut det materiale som ho har samla inn.

– Elles kunne det blitt liggande i arkivet, og blitt gløymt, seier Lønnquist.