NRK Meny

Havarikommisjonen om dødsulykke

Statens havarikommisjon meiner kollisjonen mellom ein taxibåt og ein fritidsbåt i Kragerø i juli ifjor skjedde fordi ingen av båtførarane oppdaga kvarande tidsnok til å unngå kollisjon. To personar omkom i ulykka. Havarikommisjonen peikar på at taxibåten hadde ei defekt laterne på babord side, og at føraren av fritidsbåten var påverka av alkohol som medverkande årsak til kollisjonen.