Hopp til innhold

Haukeliekspressen kuttar ut Bø

Haukeliekspressen legg om ruta og sluttar å køyre om Bø og Gvarv når Mælefjelltunnelen opnar i 2019. Bussen kan spare 30 minutt på å endringa.

Haukeliekspressen

KUTTAR BØ: Haukeliekspressen skal om nokre år slutte å køyre om Bø og Sauherad.

Foto: Børre Karterudseter / NRK

Hausten 2019 skal den ni kilometer lange Mælefjelltunnelen på E134 mellom Seljord og Hjartdal vere klar til opning. Same dag planlegg Telemark Bilruter å legge ruta til Haukeliekspressen nord for Lifjell i staden for gjennom Bø og Sauherad, som i dag.

– Ein halv time betyr enormt mykje. Det er ikkje mange vegprosjekt som kan vise til ein halv time kortare reisetid, seier direktør Svein Olav Straand i Telemark Bilruter.

Telemark Bilruter meiner Bø har fått så godt togtilbod at Haukeliekspressen ikkje har like stor marknad der som før.

Kuttar omveg

Når tunnelen gjennom Mælefjell opnar, sparar bussar og tungtrafikk 18 minutt køyring mot å køyre bakkane ved Nutheim. Same hausten skal også vegen utanom Kongsberg sentrum stå klar. Der kan trafikken spare 4–5 minutt generelt og opptil 10–20 minutt i rushtida.

Svein Olav Straand

Direktør Svein Olav Straand i Telemark Bilruter.

Foto: Mikkel Aanderaa / NRK

Å køyre frå Seljord til Notodden via Gvarv er uansett ein omveg. Straand meiner at kortare reisetid er viktigare enn å køyre innom Midt-Telemark.

– Bø har fått eit godt tilbod med tog og vi ser at Haukeliekspressen har ikkje har så stor marknad der. Då er det viktigare at Vestlandet og Vest-Telemark får raskare buss til Oslo.

Fleire togavgangar

Ordførar Olav Kasland i Bø er ikkje veldig overraska over at dei mistar Haukeliekspressen.

– Vi har visst om dette ei stund, det er ein marknadsvurdering som Telemark Bilruter må ta. Dei fleste tar nok toget frå Bø til Oslo og vi jobbar med å få fleire togavgangar den vegen, seier Kasland.

Færre avstikkarar

Svein Olav Straand varslar også at ekspressbussane vil køyre færre avstikkarar i framtida. Haldeplassen i Seljord sentrum vil om nokre år bli erstatta av eit kollektivknutepunkt tett ved E134.

– Ekspressbussen har ein konkurrent, og det er privatbilen. Skal vi konkurrere mot den så må vi køyre same traseen som den og køyre like fort som ein privatbil, seier Straand.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark