NRK Meny
Normal

Har underheldt millionar

Under namnet "Randulle" kan ein sjå 18 år gamle Sander Austad Dale frå Skien spele FIFA på Youtube. Det tilbodet er det mange som takkar ja til.

Sander Austad Dale

SPELAR FIFA: Slik ser det ut når Sander Austad Dale spelar fotballspelet FIFA på Youtube.

Foto: Thomas Nikolai Blekeli / NRK

Det er ein betre sommarjobb enn å plukke jordbær for å seie det slik, ler Sander Austad Dale.

18-åringen frå Skien har nemleg eit levebrød litt utanom det vanlege. Frå guterommet filmar han seg sjølv spele det populære fotballspelet FIFA, og legg ut videoar på Youtube.

Til no har Dale nesten tre millionar visingar på videoane sine, og omkring 17.000 menneske følger videokanalen hans.

Randulle

MANGE SJÅARAR: Det er ikkje få som har sett Sander 'Randulle' Austad Dale sine videoar på nett.

Foto: Thomas Nikolai Blekeli / NRK

God månadsløn

– Eg tener jo i overkant av 10.000 kroner i månaden no, seier Dale.

Pengane tener han gjennom annonsar på Youtube. Han er knytt til eit youtubeselskap som syter for løna hans.

– Denne forma for videoar er allereie veldig populært i utlandet, så eg tenkte at det kunne vere spennande å prøve det her i Noreg, seier han.

Dale sin youtubekanal er på frammarsj, og i stadig vekst.

Under navnet "Randulle" kan en se 18 år gamle Sander Austad Dale fra Skien spille FIFA på Youtube