Hopp til innhold

Har teikna vikingar i 25 år – klar med bok i Snorre-stil

I heile sitt vaksne liv har han interessert seg for vikingar og den norrøne kulturen. Nå er ei ny bok med teikningane til Anders Kvåle Rue klar.

Tusj2

INSPIRERT AV WERENSKIOLD: Teikningane i den nye boka er enkle strekteikningar inspirert av Erik Werenskiold sine teikningar i Snorres kongesagaer.

Foto: Roald Marker

– Det er alltid moro, det. Eg har drive på i 25 år, så eg er ikkje fullt så nyforelska kvar gong eg får ei ny utgjeving. Men artig er det, seier Anders Kvåle Rue.

Anders Kvåle Rue

INTERESSE FOR VIKINGAR: Anders Kvåle Rue har teikna vikingar i 25 år, og har i heile sitt vaksne liv interessert seg for den norrøne kulturen.

Foto: Roald Markerq / NRK

Den nye boka handlar om Håkon Ivarsson, ein norsk stormann som ikkje er av kongeslekt. Historia har ikkje tidlegare vore gjeven ut på moderne norsk.

Teikningane til Anders Kvåle Rue liknar mykje på teikningane til Erik Werenskiold, som er brukt i Snorre Sturlasons kongesagaer. Det er enkle, grafiske strekteikningar.

Og det er heilt medvite å etterlikne Werenskiold, så lenge det tener målet, seier vikingteiknaren.

– I dette tilfellet synest eg det var interessant og morosamt å jobbe i Snorre-stilen. Eg har ikkje noka kunstnarisk stoltheit som gjer at det er eit problem for meg.

Bøker

GAMAL OG NY SNORRE-STIL: Werenskiold og Kvåle Rue side om side.

Foto: Roald Marker / NRK

Vikingtida er i ei særstilling

Vikingutstyr

VIKINGHJELMAR: Det finst ein del avbildingar av vikinghjelmar, difor veit vi ein del om korleis dei ser ut, fortel Anders Kvåle Rue.

Foto: Roald Marker / NRK

I teiknestova til Anders Kvåle Rue i Svartdal i Telemark ligg det bøker i hyller og skap. Rundt omkring på veggane og heng det sverd, knivar og klede. Og sjølvsagt – vikinghjelmar.

– Det er berre funne éin komplett vikinghjelm. Men det finst ein del avbildingar frå vikingtida, anten vikingane sine eigne bilde eller frå kontinentet og England. Difor veit vi ein del om korleis dei såg ut.

Tegnestua

I TEIKNESTOVA: Her arbeider Kvåle Rue med teikningane sine.

Foto: Roald Marker / NRK

Han nøyer seg ikkje med å teikne vikingar. Han er òg viking sjølv, og deltek med sverd, skjold, hjelm og stor entusiasme der han kan.

– For oss i Noreg står vikingtida i ei særstilling. Det var da vi vart samla til éin nasjon. Da fekk vi definert svært mange av dei verdiane som har prega oss i tusen år etterpå. Og desse forbilda som sagalitteraturen har gjeve oss frå vikingtida, er grunnen til at vi har eit Noreg i dag.

Flatøyboka

Det er eit langt sprang frå den grafiske stilen i Håkon Ivarsson-boka til Flatøyboka. Det er eitt av Islands hovudverk, som er skrive på midten av 1300-talet, og gjeve ut på norsk i 2014. Her har Rue boltra seg i fargar og detaljar på ein heilt annan måte.

– Det var ei moglegheit til å verkeleg laga noko unikt og eigenarta, og da kan folk like eller mislike den stilen det er gjort i. Men det er meg som har gjort denne stilen, og det står eg for.

Harald Dovrefostre
Foto: Anders Kvåle Rue / Illustrasjon

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark