NRK Meny

Har rett på dagpengar likevel

Dei tilsette ved RHI har rett på dagpengar sjølv om dei takkar nei til sluttpakka som leiinga ved bedrifta tilbyr. RHI må seie opp 100 tilsette, men alle dei 140 som jobbar ved bedrifta får tilbod om sluttpakke. NAV-direktør Terje Tønnesen presiserer at også dei som takkar nei til sluttpakke får dagpengar om dei blir sagt opp, dersom dei øvrige vilkåra er oppfylt.

NAV-direktør Terje Tønnesen
Foto: Anne Lognvik / NRK