NRK Meny

Har mista tilliten til Gjelten

Ein tilsett i barnehagen i Skien går hardt ut mot kommunalsjef Grete Gjelten på Facebook, og meiner at ho har mista tilliten. Tine Sørum ved den private Kulturstien barnehage på Skotfoss seier at bakgrunnen for det krasse innlegget er at det igjen må kuttast fleire millionar kroner i oppvekstsektoren. Gjelten innrømmer at ho blir berørt av kritikken, og seier at hennar jobb er å legge fram eit budsjett der kutta rammar det minst viktige.