NRK Meny
Normal

Har ikkje fått lov å rive enno

Skien kommune har førebels ikkje gitt lov til å rive bilforretninga Mobile, der det truleg finst restar etter brennevinsbedrifta til Henrik Ibsens far.

Mobile i Skien

I kjellaren i den nedlagde bilforretninga finn vi gamle murveggar, som skal vere restane av familien Ibsen sitt brennevinsbrenneri.

Foto: Tom Ole Buaas

Leiar for plan og byggesaker i kommunen, Olav Backe-Hansen, seier løyve til å rive den gamle bilforretninga først blir tema på eit møte i neste veke.

Les også: Mareritt for Ibsens familie

Backe-Hansen er overraska over opplysningane i NRK Telemark, om at bygningen kan innehalde fleire originale murveggar frå Henrik Ibsen sin barndom.

Olav Backe-Hansen, Skien kommune

Olav Backe-Hansen har fått nye opplysningar.

Foto: Thomas Nikolai Blekeli / NRK

– Det normale er at slike opplysningar kjem fram i tilknyting til ein reguleringsprosess, og reguleringsplanen blei vedteken for nokre år sidan, seier Backe-Hansen.

Nye opplysningar for kommunen

Han har aldri før vore med på at slike opplysningar kjem fram i etterkant av ein reguleringsprosess.

– Desse opplysningane er nye for meg, så det er litt tidleg å seie kva vi kan få gjort, seier Backe-Hansen.

Men han meiner kommunen må få til ein dialog mellom dei som har kunnskap om dette og utbyggaren.

– Eg trur vi skal få til noko, i alle fall, seier han.

Det er selskapet Fløtingen AS som planlegg å rive bygget i sommar.

Styreleiar Stein Jaran Fredriksen seier at han ikkje kjenner til historia til dei gamle murveggane.