NRK Meny

Har bytta fastlege

Rundt tretti personar har bytta fastlege tilbake til Kviteseid etter oppfordring frå ordførar Torstein Tveito. Ordføraren meiner det unge legemiljøet som nå finst i Kviteseid, er eit godt tilbod til innbyggarane.
800 kviteseidinger har fastlege i nabokommunen Seljord. Dersom eit fleirtal bytter tilbake kan Kviteseid kommune spare opptil ein million kroner.