NRK Meny
Normal

Håpar å få svar på kyrkjebrann

Saknet etter Østre Porsgrunn kirke som brant for snart to år sidan er framleis stort.

Kyrkjesjef Johannes Sørhaug

Kyrkjesjef Johannes Sørhaug håpar rettsaka kan gje svar på kvifor Østre Porsgrunn kirke blei tent på den 11. april 2011.

Foto: Berit Heggholmen / NRK

Kyrkjesjef Johannes Sørhaug håpar rettsaka kan gje svar på kvifor Østre Porsgrunn kirke blei tent på natt til 11. april 2011.

– Eg håpar rettsaka kan gje svar på om dette er ei bevist handling eller guttestreker, seier Sørhaug.

Dramatisk og uverkeleg

Rettsaka startar i Nedre Telemark tingrett torsdag 21. februar. Ein mann på 19 år frå Porsgrunn og ein mann på 20 år frå Skien, som for to år sidan var 17 og 18 år, er tiltalt for å ha tent på kyrkja.

For kyrkjelyden i Porsgrunn har det vore ein krevande prosess fram til no etter at kyrkja brann for om lag to år sidan. Men dei har kome eit stykke på veg med å bearbeide sorga etter kyrkjebrannen.

– Det var dramatisk og uverkeleg å skjønne at kyrkja brann og kome her og sjå at det var ingenting igjen, seier Sørhaug.

(artikkelen held fram under bilete)

Brann, Østre Porsgrunn kirke.

Natt til 11. april 2011 brant Østre Porsgrunn kirke ned til grunnen.

Foto: Anne Lognvik / NRK

Mange tårer for kyrkja

Kyrkjebrannen var eit stort sjokk for kyrkjelyden og heile Porsgrunn. Etter kvart som ting har roa seg ned har kyrkjelyden vore heldig som hadde eit bygg ved sida som kunne fungere som kyrkje.

Kyrkjesjef Johannes Sørhaug meiner rettsaka blir viktig for å få saka avslutta, sjølv om dei nå planlegg å byggje ny kyrkje.

– Det har aldri vore nokon form for lynjsestemning i kyrkjelyden mot dei tiltalte. Dei har vore triste og det har blitt mange tårer. Men det har aldri vore nokon som er ute etter dei som har gjort dette her, seier Sørhaug.

Tunge turar til jobben

Rester etter kirkeklokkene i Østre Porsgrunn kirke

Restar etter kyrkjeklokkene i Østre Porsgrunn kirke.

Foto: Anette Stensholt / NRK

Kyrkjesjef Johannes Sørhaug har kontor i nærleiken og ser bort på branntomta kvar dag når han går på jobb. Han fortel at det var tungt å gå på jobb den første tida.

– Det var ruinar, det var mørkt og svart. Alt det eg og kyrkjelyden har kunna glede oss over i den gamle kyrkja var brått borte. Så det har blitt nokon tunge turar å gå hit, seier Sørhaug.

Tankane hans går også til dei som har gjort det her.

– Det må vere ein veldig tung start på overgangen til vaksenlivet å ha med seg ei slik sak. Eg trur også dei ser fram til å få avslutta saka og sette eit punktum, seier Sørhaug.

Bygger ny kyrkje på tomta

Kyrkjelyden fekk berga noko ut av Østre Porsgrunn kirke da den brant.

– Det som låg i safen blei berga. Ellers har Telemark Museum hjelpt oss til å berge ting ut av brannruinane, men veldig mykje av det er sterkt skada av brannen, seier Sørhaug.

No er prosessen med å bygge ei ny kyrkje på branntomta etter den gamle godt i gang.

Reguleringsplanen er levert til Porsgrunn kommune og er klar for politisk behandling. Det skjer sannsynlegvis i bystyret i oktober.