NRK Meny

Håp for Team Telemark

Det nye langrennslaget Team Telemark kan framleis bli ein realitet. Me jobbar intenst i innspurten no, og har sett deadline til torsdag for å få laget på plass, seier prosjektleiar Jostein Vinjerui til Telemarksendinga. Det var ein strek i rekninga at Telemark Utviklingsfond i går sa nei til ein søknad om 2,5 millionar kroner.

Mikael Gunnulfsen og Jostein Vinjerui
Foto: Marie Roksund / NRK