Hopp til innhold

Halvor Kleppen: – Ikkje bra for blodtrykket

Han kan vinne ein internasjonal bokpris, og det er ikkje heilt sunt.

Halvor Kleppen

Halvor Kleppen frå Bø kan vinne internasjonal bokpris for boka 'De Kalde Lekene'.

Foto: Lars Tore Endresen / NRK

Forfattar Halvor Kleppen frå Bø er nominert til den internasjonale bokprisen The ULLR Award, for boka "De Kalde Lekene". Prisen gjeng til årets beste bok om skihistorie, og Kleppen blei noko raud i ansiktet da han fekk vite at han var nominert.

– Eg må innrømme at det er veldig stas. Folk har jo lura på kva eg har drive med når eg har jobba med boka dei siste åra, så at den blir sett pris på, og til og med nominert til ein pris er veldig moro, sjølv om det nok vil påverke blodtrykket, seier Kleppen.

Les også: Ny bok avslører: Skisporten var ei hårsbreidd frå å bli kasta ut av Oslo-OL

– Langt å reise

Prisen delas ut i Steamboat Springs i Colorado 10. april, men Kleppen tviler på at han kjem til å vere til stades under utdelinga.

– Det blir i overkant langt å reise for ein middag, smiler Kleppen.

Han understrekar at boka, som handlar om utviklinga av skisporten internasjonalt, kanskje har noko smal appell, og at prisen han er nominert til ikkje er viden kjent.

– Men om det skulle komme ein statuett eller noko i posten skal det nok bli plass på peishylla.

Kan bli omsett til engelsk

Sjølv om boka kanskje angår spesielt interesserte, er det, i tillegg til prisnominasjon, internasjonal merksemd om boka. Det er nå snakk om å omsette boka til engelsk, for å nå eit breiare publikum.

– Forlaget har prata om det. Og det er au snakk om at den internasjonale skiforeininga er interessera i omsettingsarbeidet. Det hadde vore veldig moro, men det er alt for tidleg å seie om det blir noko av, seier Kleppen.

Så står att det å sjå om boka kan bli aktuell i utlandet, og om forfattaren må rydde plass på peishylla til ein internasjonal pris.