NRK Meny
Normal

Halvert villreinjakt

Fellingskvota for villrein blir halvert i år.

Reindsdyr
Foto: Picasa 2.6

Årets fellingskvote for villrein på Hardangervidda er sett til 1800 dyr. Det er halvparten av kvota for i fjor.

Det har Villreinnemnda for Hardangervidda avgjort.

Færre dyr på vidda

- Kvota må reknast ut frå vinterbestanden av dyr, seier leiar i nemdna, Olav Opedal.

Med ei fellingskvote på 1800 dyr følgjer nemnda opp innstillinga frå Hardangervidda villreinutval.

Dei siste tellingane viser at det berre er 7000 rein på vidda. Det betyr at det er 2000 færre dyr samanlikna med i fjor.

Nå skal villreinvalda på vidda vurdere vedtaket. Viss det blir anka er det Direktoratet for naturforvalting som avgjer kvota.

  • Kan få gratis graut på skulen

    Elevane i den vidaregåande skulen i Telemark kan få servert gratis graut på skulen i fire år til. I går løyvde fylkesutvalet over fire millionar kroner til dette. Det var KrF, Ap, SV og Raudt som foreslo gratis graut.

    Skolegrøt
    Foto: Britt Boyesen / NRK
  • Mista førarkortet for slitte dekk

    Føraren av ein lastebil har mista førarkortet for å ha to nedslitte framdekk på lastebilen. Lastebilen blei stoppa på E134 i Notodden.

  • Hund som beit treåring blir avliva

    Eigarane av hunden som beit ein treåring i Skien har fått førehandsvarsel om at hunden blir avliva. Politiadvokat Christian Ytterbø i Sør-Øst politidistrikt seier til TA at vilkåra i paragraf 18 i hundelova for å fatte vedtak om avliving er oppfylt.

    Ulvehund
    Foto: Petter Melsom / NRK
  • Kan bli overkøyrt av staten

    Fylkesordførar Sven Tore Løkslid (Ap) er redd Vestfold og Telemark kan bli overkøyrt av staten dersom dei ikkje blir einige på det felles fylkestingsmøte i Tønsberg i dag. Også Gunn Marit Helgesen (H) meiner fylka har mest å vinne på å bli samde.

    Sven Tore Løkslid
    Foto: Anne Lognvik / NRK