NRK Meny
Normal

Hætta Jacobsen klar

Barbro Hætta Jacobsen er klar for å stille som visepresident på idrettstinget.

Barbro Hætta Jacobsen
Foto: Picasa 2.6 / NRK

Troms Idrettskrins har gjort ei vurdering av alle tilgjengelege fakta rundt Barbro Hætta sitt medlemskap i norsk idrett.

Jacobsen er tilsett i Harstad kommune, og samtlege tilsette i Harstad kommune er medlem i Kombi I.L.. Ei slik medlemstilknyting er vanleg i bedriftsidretten.

Glad det er avgjort

- Eg er glad dette er avgjort. Eg har aldri vore i tvil om medlemskapen min i Kombi BIL, seier Hætta Jacobsen.

Barbro Hætta Jacobsen er kandidat til vervet som visepresident i lag med Roald Bergsaker idrettspresident.

Bergsaker har så langt samla støtte frå 44 særforbund, skriv NTB.

Ferdig med saka

Bedriftsidrettslaget Kombi BIL. har betalt inn kontigent for 1400 medlemmar i 2005 til bedriftidrettskrinsen.

I 2006 var aktiviteten i laget mindre, men i 2007 var bedriftslaget representert på Harstad idrettsråds årsmøte ut frå eit medlemskap som tilsvarar talet på tilsette i Harstad kommune.

Troms idrettskrins finn at mindre aktivitet i laget ikkje fører til at Barbro Hætta Jacobsen sitt medlemskap er opphørt.

Idrettskrinsen meiner difor at Hætta Jacobsen er medlem av Kombi BIL. Og Troms idrettskrins meiner difor dei er ferdig med saka.