Hopp til innhold

Kongens fortjenstmedalje til Tor Erik Gunstrøm

Tor Erik Gunstrøm fekk i dag tildelt Kongens fortenestmedalje.

Kongens fortjenstmedalje til Tor Erik Gunstrøm

MEDALJE: Tor Erik Gunstrøm fekk i dag tildelt Kongens fortenestmedalje.

Tor Erik Gunstrøm er ein prisbeløna norsk musikar og komikar, mest kjent frå tida i showgruppa Dizzie Tunes. Gunstrøm er også kunstnar med eige atelier i Snipetorpgata i Skien.

Les også:

Tor Erik Gunstrøm får kongens sølv

FORTENESTEMEDALJE: Erik Gunstrøm fekk Kongens fortenestmedalje i sølv i rådhuset i Skien onsdag av ordførar Hedda Foss Five.

Foto: Roald Marker / NRK

– Overraskande og veldig moro

Utdelinga skjedde klokka tolv på Rådhuset i Skien av ordførar Hedda Foss Five.

– Eg har ikkje ord, for dette var stas. Det er ufatteleg.

Tor Erik Gunstrøm fortel at han først fekk beskjed om at han ikkje måtte fortelje til nokon om at han skulle få fortenestmedaljen.

– Eg har visst om det ei lita stund. Men det var overraskande og veldig moro.

Tor Erik Gunstrøm seier det er umogleg å trekke fram høgdepunkt i karrieren.

– Men alle åra med Dizzie Tunes, og ikkje minst perioden i Stockholm der vi køyrde revy i månad etter månad med utselde hus. Også har vi laga Montreux program som har fått bronseroser, men det er så mykje.

– Men dette toppar jo alt saman.

Tor Erik Gunstrøm skal også til Slottet i Oslo for å takke Hans Majestet Kong Harald V for medaljen.

Ein av dei beste komikarane

Tor Arnesen Scheen, Skien kommune

Tor Arnesen Scheen kom med forslaget om fortenestmedalje.

Foto: Roald Marker / NRK

Tor Arnesen Scheen kom med forslaget om at Tor Erik Gunstrøm fortente å få Kongens Fortenstmedalje. Han har kjent Gunstrøm sidan slutten av 60-talet.

– Eg visste jo at han hadde halde på i 60 år, og at han framleis er aktiv. Er det nokon som fortener ei medalje så er det han.

Han blei heller ikkje overraska då beskjeden kom om at Tor Erik Gunstrøm ville få Kongens fortenestmedalje.

– Eg fekk telefon frå Fylkesmannen, med beskjed om å halde litt tilbake. Men inni meg så jubla eg.

Tor Arnesen Scheen hugsar Gunstrøm best frå komikerrollen hans framme på scenen og alle dei forskjellige figurane han spela.

– Han har vore ein av dei beste komikarane i Norge.