Hopp til innhold

Gullhjelmen blei verdas dyraste plasthjelm

Den berømte gullhjelmen til super-supporter Rune «Tribune» frå Porsgrunn er selt. Den blei auksjonert bort til TV-aksjonen i natt, og summen skal du straks få vite.

Rune "Tribune" sin vikinghjelm blei selt på TV-aksjonen

Her jublar Remi Padoin, Rune "Tribune" Eikeland og Karsten Warholm i London. Warholm med gullhjelmen til Rune "Tribune" Eikeland. Karsten Warholm blei verdsmeister på 400 meter hekk i London sommaren 2017.

Hugsar du hjelmen som Karsten Warholm hadde på hovudet da han feira sitt VM-gull på 400 meter? Nå er den auksjonert bort på TV-aksjonen.

Og plastikkhjelmen må nå vere verdas dyraste plasthjelm.

Gullhjelmen blir auksjonert bort på TV-auksjonen

Gullhjelmen blei auksjonert bort under TV-aksjonen på NRK 1. Her er programleiar Mikkel Niva, hovudtrenar Leif Olav Alnes og Karsten Warholm i studio med gullhjelmen.

Foto: NRK

På magisk vis

La oss først høyre kva Karsten Warholm sa om hjelmen på NRK 1 i går, då han blei intervjua av programleiar, Mikkel Niva.

– Til årets auksjon har vi fått inn ein hjelm. Den høyrer i utgangspunktet til ein av dei største idrettssupporterane i Noreg, Rune «Tribune». Men den hamna på hovudet ditt, Karsten Warholm.

Gullhjelmen med Karsten Warholm sin signatur

Gullhjelmen med signaturen til Karsten Warholm.

Foto: NRK

– Ja. På magisk vis.

– Kva har den vore gjennom?

– Det ser ut til at den har vore gjennom ganske mykje. Med meg så har den vore med på ei aldri så lita æresrunde. Den blei eit lite symbol, og det passar jo bra på ein norsk viking. Den gjekk jo sin sigersgang, den hjelmen her. Det er fin plastikk og passar godt på hovudet.

Det sa Karsten Warholm før han gjekk inn i telefonboksen.

Stolt av pappaen sin

Rune Tribune Eikeland har kjøpt ny gullhjelm

Rune "Tribune" Eikeland har kjøpt ny gullhjelm og er klar for nye idrettsarrangement.

Foto: Berit Heggholmen / NRK

I morgonsendinga på NRK Telemark mandag fekk Rune «Tribune» Eikeland, og sonen William, som snart er 8 år, besøk av reporter Anita Moland i heimen på Hovenga i Porsgrunn.

Der følgde dei med på TV-aksjonen og var spent på kor mykje Gullhjelmen vil bli auksjonert bort for.

– Den gjekk for ti tusen eitt hundre og ei krone. Det er heilt fantastisk, heilt utruleg. Eg hadde ikkje drøymt om det.

– Kva kostar den i butikken?

– Den får du for 60 kroner. Og eg har kjøpt og brukt mange av dei.

Sonen William er stolt over at gullhjelmen pappa har brukt på ulike idrettsarrangement samla inn ti tusen kroner for at barn i krigsområde skal få utdanning.

– Det er veldig bra at barn kan få gå på skole og få betre mat.

Rune Tribune Eikeland og William på åtte år

Rune "Tribune" Eikeland har kjøpt ny gullhjelm og er klar for handball-VM for kvinner i Tyskland. Her får han hjelp av sonen William på trommer heime i stova i Porsgrunn.

Foto: Berit Heggholmen / NRK

William spelar stortromme

Men sonen til Noregs største idrettssupporter sit ikkje heime i stova kvar gong pappa er på idrettsarrangement.

– Han har jo blitt med eit par gonger. Og seinast var vi på Hamar under VM på skeiser. Han var faktisk med då han var eitt år gamal, i 2011 på sykkel-VM i København, seier Eikeland.

Og nyleg var William med pappa på sykkelløp i Korketrekkaren ved Langangen der dei heia syklistane opp dei bratte bakkane.

– Da spela pappa på ein trompet og eg spela på stortromme, seier William som er med i skulekorpset.

Neste idrettsarrangement der Rune «Tribune» Eikeland dukkar opp er VM i handball for kvinner i Tyskland. Der har han billettar til semifinalen og finalen i Hamburg.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark