Hopp til innhold

Vurderer å privatisere vernet

Klima- og miljødepartementet ber lovavdelinga i Justisdepartementet greie ut eit forsøk der grunneigarane får ansvar for å forvalte vernet på Hardangervidda. Det seier statssekretær Lars Andreas Lunde.

Merka rein i Kvenna-området

Regjeringa vurderer å gjennomføre eit forsøk der arbeidet med å administrere vernet blir flytt frå dei folkevalde fjellstyra til private grunneigarar.

Foto: Norsk institutt for naturforskning

I førre veke sende Klima- og miljødepartementet saka til Justisdepartementet.

– Ei prøveordning der grunneigarane styrer vernet vil reise tunge juridiske spørsmål, seier statssekretær Lars Andreas Lunde..

Krev lik praksis i heile verneområdet


Det er Hardangervidda grunneigarsamskipnad og kommunane rundt Hardangervidda som ber om eit forsøk der grunneigarane administrerer vernet.

I dag blir vernet administrert dels av folkevalde tilsynsutval i Telemark, Buskerud og Hordaland, og dels av fylkesmennene i dei same fylka.

Denne ordninga fører til ulik praksis frå fylke til fylke, meiner leiar i Hardangervidda grunneigarsamskipnad, Johan Vaa på Rauland.

– Det har utvikla seg ein praksis der Telemark praktiserer vernet strengare enn i Buskerud og Hordaland. Dersom avgjerdsmynde blir flytt frå tilsynsutvala og fylkesmennene, kan må få lik praksis i heile verneområdet. Reglane staten har fastsett gjev og rom for eit meir liberalt vern enn det me ser i dag, seier leiaren i grunneigarsamskipnaden.

Johan Vaa

Johan Vaa i Hardangervidda grunneigarsamskipnad vil praktisere likt vern i heile verneområdet.

Foto: Privat

Hardangervidda nasjonalpark blei skipa i 1981, og omfattar 3420 kvadratkilometer i sju kommunar og tre fylke. I tillegg har store område rundt nasjonalparken status som landskapsvernområde.

Les også:

– Vil styrke grunneigaren

I regjeringserklæringa frå Høgre og Framstegspartiet står det at regjeringa ynskjer å gjennomføre eit forsøk der grunneigaren får ansvar for å praktisere vernet i minst eit av verneområda i landet.

– Denne regjeringa er oppteken av å styrke grunneigaren si stilling. Då er det naturleg å gje grunneigaren ei sterkare rolle i arbeidet med å forvalte sine eigne eigedomar, seier Lars Andreas Lunde.

Statssekretær Lars Andreas Lunde seier at kan det vere prinsipielle problem med ei ordning der grunneigarane skal administrere eit regelverk fastsett av staten.

Kan møte juridiske vanskar

Lars Andreas Lunde

Statssekretær Lars Andreas Lunde i Klima- og miljødepartementet seier at regjeringa ynskjer å styrke grunneigarane sine rettar.

Foto: Åserud, Lise / NTB scanpix

– Det er storsamfunnet som har vedtatt vernet, og fastsett grensene til dømes for nasjonalparken på Hardangervidda. Spørsmålet då blir om det er juridiske vanskar med å flytte avgjerdsmynde frå folkevalde organ grunneigarar, som ikkje er valde av folket. Regjeringa ber og lovavdelinga greie ut habiliteten til grunneigarane i høve til andre interesser i verneområda, seier Lars Andreas Lunde.

– Når får grunneigarane og kommunane rundt Hardangervidda svar på spørsmålet om eit grunneigarstyrt vern?

– Dette handlar om tunge spørsmål. Det seier seg sjølv at saka vil ta tid, seier statssekretær Lars Andreas Lunde