NRK Meny
  • CO₂-lagring blir prioritert i EU

    Statoils plan om CO₂-lagring under havbotnen på norsk sokkel har fått status som eit prioritert prosjekt i EU. Planen er å lagre CO₂ på same måte ved norske industrianlegg, slik som Norcem i Brevik og Yara på Herøya.

  • Vil børsnotere Fjordkraft

    Eigarane av Fjordkraft vurderer å børsnotere selskapet. Skagerak Energi er ein av eigarane, og saman med BKK og Statkraft ynskjer dei å leggje til rette for utvikling av selskapet gjennom ei børsnotering.

  • Norconsult til Seljord

    Rådgjevarfirmaet Norconsult etablerer seg i Seljord. Dette vil kunne gje 10 nye arbeidsplassar i løpet av neste år. Jonny Ødegård i Norconsult seier at Seljord er eit interessant område for rådgjeving, særleg innan vatn og avløp.