Hopp til innhold

Graver i gang vegprosjekt på rv. 36

Det andre store vegprosjektet i Bypakke Grenland blei sett i gang.

Fylkesordførar Sven Tore Løkslid fekk æra av å grave den første grøfta for ny riksveg 36 frå Skyggestein til Skjelbredstrand.

Fylkesordførar Sven Tore Løkslid fekk æra av å grave den første grøfta for ny riksveg 36 frå Skyggestein til Skjelbredstrand.

Det var ordførarane i samarbeidet om Bypakke Grenland som markerte det andre store vegprosjektet måndag 19. september. Det første store byggeprosjektet som gjeld Lillelvkrysset i Porsgrunn er alt godt i gang.

Denne gongen er det strekninga Skyggestein til Skjelbredstrand på riksveg 36 i Skien.

Har sertifikat for gravemaskin

Fylkesordførar i Telemark, Sven Tore Løkslid, har sertifikat for gravemaskin og fekk æra av å grave i gang arbeidet. Det skjer på strekningen Skyggestein til Skjelbredstrand.

– Ein ting er å banke gjennom vedtak i fylkestinget. Men det er noko heilt anna å kunne kom ut å grave litt. Dette var ein spennande dag på jobb, og så trur eg at eg lar dei profesjonelle på overta det vidare arbeidet, sa Løkslid.

Dette blir starten av riksveg 36 frå Skien mot Vestlandet. Vegen blir på 3,6 kilometer og skal etter planen vere ferdig hausten 2018.

Den nye vegen får tre køyrefelt, med blant anna ein bru på 200 meter.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark