NRK Meny
  • Fv. 702 stengt

    Fylkesveg 702 ved Bakkane i Siljan er stengt på grunn av bilberging. Det er omkøyring via ein kommunal veg.

  • Høg strykprosent på Notodden

    Ingen stryk meir i Noreg enn førarkortkandidatane på Notodden, skriv TA. I fjor strauk nesten halvparten av alle som køyrde opp. Grunnen til den høge strykprosenten er ulovlege piratskular, seier stasjonssjef Tor Skilbred.

  • Slått ned med balltre

    Ein mann vart slått med balltre utanfor Cirkel K i Bø i natt. Han vart sendt til undersøking ved Notodden sjukehus, men vart skriven ut utan alvorlege skadar.

  • Slutt på lukka møter

    Ordførar Hedda Foss Five i Skien vel å kutte praksisen med dei lukka møta og flyttar innhaldet i samlingane til andre fora som er opne for pressa, skriv Varden. Endringa skjer etter at Fylkesmannen konkludera med at gruppeleiarmøta i nabokommunen Porsgrunn var i strid med kommunelova.

    Hedda Foss Five
    Foto: Martin Torstveit