NRK Meny

God frukt og bærsesong

Frukt og bærhausten i Midt-Telemark kan bli veldig god, sjølv om det er lokale forskjellar. Mens nokon har blitt ramma av frost i blomstringssesongen har andre opplevd tørke i sommar. I tillegg har det vore ein del haglebyger i dei siste vekene som har gjort skade. Likevel teiknar det altså til å bli ein god sesong totalt sett.